Fagstoff

Form og stil i folkevisene

Publisert: 18.12.2013, Oppdatert: 03.03.2017

Fele. Foto.   

Kjelde

Folkevisetekstane vi viser til her, er basert på dei versjonane som finst i boka Utval av norske folkeviser til skolebruk av Knut Liestøl og Molkte Moe, Dybvads forlag 1971.

Visene fortel ei historie

Folkevisene er episk-lyriske tekstar. Dei fortel historier som formidlar stemningar og kjensler. Handlinga er gjerne dramatisk. Visene har enderim, og versefoten er ofte jambisk (med trykk på den andre stavinga i orda). Strofene kan bestå av to eller fire linjer.

Det er òg ofte bokstavrim (alliterasjon) i visene:

Hoss kan graset på jordi gro …

 

Parallellstrofer og dialog

Det er også vanleg å bruke parallellstrofer for å framheve spesielle hendingar og byggje opp spenninga mot eit høgdepunkt. Ei parallellstrofe er ei strofe som vert gjenteken med berre små variasjonar.

Sosso likar eg gifta mi,

som eg drikk’e bå’ mjø’ og vin.

Sosso likar eg gifta god,

som kvòr den dagjen å drikke jol.

I folkevisene finn vi også mykje dialog, noko som skaper liv og nærleik til teksten.

Omkved

Bruk av omkved er eit anna typisk trekk i mellomalderballaden. Omkvedet er ei eller fleire verselinjer som vert gjentekne i alle strofene. Omkvedet kan komme til slutt i strofa, og vi kallar det då ettersleng eller etterstev. Det kan også liggje mellom linjene som mellomsleng eller mellomstev. I folkevisa finn vi begge delar:

Olav sat heime i åtte år,
– Trø meg inkje for nære! –
Fyrr han ville si mo'eri sjå
– På vollen dansar mi jomfru –

 
Som vi ser kjem som oftast ein del av stevet etter første verselinje og resten etter den andre linja i strofer med to linjer. Innhaldet i dette omkvedet tyder på at folk har dansa til visa.

Omkvedet kan også minne om ei eller anna hending eller varsle om noko som skal skje. Visa om Liti Kjersti handlar til dømes om ei lita jente som vert teken av bergkongen, ein av dei underjordiske:

Liti Kjersti ho var seg so liti eit viv
brunfolen løper lett –
Ho kunne ’kje bergje sitt ungje liv
 – hu, det regner og det bles! Og langt nord i fjellom
djupt under hellom, der leikar det.

 
I visa Margit Hjukse, som også handlar om ei jente som vert teken av bergkongen, heng omkvedet direkte saman med innhaldet:

Tidi fell meg longe

det er eg som ber sorgji so tungje

 

Relatert innhald

Generelt