Oppgåve

Forsøk: Påvising av feitt

Publisert: 15.07.2009, Oppdatert: 03.03.2017

Feitt fins i mange variantar og i mange matvarer. Her ser vi litt på korleis feitt verkar på papir, som en del av det å kunne påvise feitt

 

Kjøttpølser med potetmos og stekt løk. Foto.Tre pølser som svømmer i fett
Opphavsmann: Caspian blue
 

 

 

 

Formål

Lære ein enkel metode for å påvise feitt i matvarer.

Utstyr

Vanleg A4-ark, tusj, varmeplate, mortar med pistill, organisk
løysemiddel, vatn, smør, olivenolje, mjølk, nøtter

Framgangsmåte

  1. Gni ut ein drope olivenolje på eit stykke papir. Hald papiret opp mot eit vindauge slik at lyset skin gjennom det. Sjå på flekken og forklar det du observerer.
  2. Legg papiret på eit bord slik at det får lys ovanfrå. Sjå på flekken igjen og forklar det du observerer.
  3. Merk flekken ved å teikne ein ring rundt. Skriv «olje» under flekken.
  4. Set tilsvarande flekker med mjølk, vatn, smør og organisk løysemiddel på det same arket. Merk flekkene. Studer dei på same måten som oljeflekken, og forklar det du observerer.
  5. Etter ei tid ved romtemperatur fordampar alle flekkene bortsett frå feittflekken. For at fordampinga skal skje raskare, kan du leggje papiret på ei varmeplate ei stutt tid. Pass på at du ikkje svir papiret.
  6. Ta eit nytt papirark, brett det om ei nøtt og knus nøtta inni papiretved hjelp av mortaren.
  7. Opne papiret, fjern nøttesmulane og sjå om papiret har fått ein våt flekk. Undersøk om det er ein feittflekk.
  8. Undersøk om andre matvarer inneheld feitt. Når du granskar somme matvarer, må du ekstrahere feittet med eit løysemiddel for å få tak i det.
Relatert innhald