Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Plasser tre stemmer i eit lydbilete

Korleis verkar plasseringa av tre stemmer i eit lydbilete inn på lytteopplevinga?
Tre studenter snakker sammen. Tankebobler av hver sine interesser. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Prøv sjølv!

  1. Førearbeid: Lag eller finn ei eigna historie, eit eventyr eller ein god vits. Vel eit passe utdrag.
  2. Opptak: Gjer opptak av tre ulike stemmer, ei forteljarstemme og to karakterar som har ein dialog. Sørg for at nivåa på det du tek opp, er høge nok. Lytt til det som blir teke opp, mens du gjer opptaket. Sørg for at det ikkje er nokre ulydar i opptaket. Snakk sakte nok til at det som blir sagt, kan oppfattast tydeleg av den som høyrer. Gjer nye opptak om du ikkje er nøgd.
  3. Redigering: Plasser ei forteljarstemme i midten av lydbiletet og panorer dei to andre stemmene halvvegs til høgre og venstre i lydbiletet. Sjå på masteren, utgangskanalen, og sjå korleis metrane oppfører seg.
  4. Presentasjon: La dei andre i klassen høyre. Bruk høgtalarar under avspelinga. Stå ulike stader i rommet og høyr etter korleis plasseringa verkar inn på lytteopplevinga.
CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 07.09.2017

Læringsressursar

Lydteori