Fagstoff

Solvett

Publisert: 25.06.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Solkrem

Det er viktig å sole seg fornuftig slik at ein ikkje blir solbrend. Då unngår ein skadar som seinare kan føre til ulike typar hudkreft/føflekkreft. Kor lenge du kan sole deg, er avhengig av kor sterk strålinga er, kva for hudtype du har, og om du er brun frå før.

Simulering av UV. Foto.Verknad av solkrem blir vurdert saman med usikkerheit og feilkjelder.    

 

Barn på stranda. Foto.På stranda med solhatt og klede.  

 

 

Oversikt over 6 hudtyper. Tabell.Hudtypar, tabell.  

 

 

Solingstider som anbefales til ulike hudtyper. Tabell. Tilrådde solingstider i solarium.  

 

 

Mann som sitter under ein parasoll på ei strand. Foto.Soling under parasoll.  

Fornuftig soling

Fordi talet på tilfelle av hudkreft har stige så kraftig, har helsestyresmaktene i mange år vore svært skeptiske til solingsvanane vi nordmenn har. Det blir tilrådd pausar i solinga og berre korte økter, sjølvsagt med solkrem og solbriller.
Professor i biofysikk, Johan Moan, meiner likevel mange vil ha positiv helseeffekt av å sole seg litt meir, slik at dei får produsert større mengder D-vitamin. 1
Ifølgje Moan får ein nok vitamin D ved å sole seg dagleg i ti minutt når sola står høgt på himmelen. Ein treng ikkje kle av seg alt. Det held å blotte armar og ansikt.

Tid

Dersom du ikkje har sola deg på ei stund, kan du starte forsiktig med eit kvarter første dagen og auke litt for kvar dag. Viss du blir raud, skal du ikkje auke tida i sola. Sol deg ikkje meir enn to timar i eitt strekk, sjølv om du er brun. Ta pausar frå sola midt på dagen når ho er på det sterkaste.

Solkrem

Solkrem gir godt vern mot UV-stråling dersom han blir brukt på rett måte. Bruk høg faktor, og hugs at huda treng gradvis tilvenjing til sola etter ein lang og UV-fattig vinter.

  • Solkremen bør innehalde både UVA- og UVB-filter.
  • Midt på dagen om sommaren bør ein helst bruke solfaktor 15 eller meir på uverna hud – i Noreg òg. Oppgitt solfaktor gjeld for eit tjukkare lag med solkrem enn det folk flest smør på.
  • Kremen bør vere vassfast, særleg viss vi badar eller sveittar i løpet av solinga.
  • Vi bør smørje oss ofte fordi vi gjerne sveittar, badar og tørkar oss med handklede slik at solkremen forsvinn. I tillegg vil ofte effekten av kremen bli redusert under påverknad av sol. Smørjing kvar andre time blir tilrådd.
  • Gammal solkrem kan ha ein lågare solfaktor enn merkinga viser.

Solbriller

To solbriller. Foto.Solbriller.  

Solbriller kan verne både auga og den tynne huda rundt augepartiet. Det er viktig at brilleglasa stoppar så å seie all UVA- og UVB-stråling og ein del synleg lys. Når du kjøper solbriller, kan du sjå på merkinga kor mykje UV-stråling dei filtrerer bort. I påskefjellet er det ekstra viktig at brillene er utforma slik at dei skjermar for refleksjonen frå snøen. Smale briller med små glas slepp inn mykje lys frå sidene.

Klede som vern

Klede kan ofte gi det beste vernet i kombinasjon med smørjing av hud. Når ein står, går eller sit oppreist i sola, er skuldrer og nakke svært utsette. Det same gjeld kinna og nasen. Klede som dekkjer skuldrer og nakke, i tillegg til ein solhatt gir godt vern.
Fleire faktorar er avgjerande for kor godt eit plagg vernar mot UV-stråling.

  • Tettvovne stoff stoppar meir UV-stråling enn stoff som er laust vovne.
  • Mørkare fargar slepp gjennom mindre UV-stråling enn same typen plagg i ein lysare farge.

Barn og sol

Barn skal ikkje sole seg for å bli brune. Sidan pigmentutviklinga ikkje er tilstrekkeleg utvikla for å verne mot UV-stråling, er barnehud mykje meir følsam enn vaksenhud. Solbriller er ekstra viktige for barn, sidan barneauge slepp inn meir UV-stråling enn auga til vaksne. Mykje av grunnlaget for utvikling av solingsskadar blir lagt i barneåra. Innfør gode solingsvanar tidleg slik at det blir ein naturleg del av det å opphalde seg ute!2 Solingstips for barn

Oppgåver
Relatert innhald