Hopp til innhald

Fagstoff

Mono

Mono tyder éin. Omgrepet mono bruker vi når det er éin mikrofon som tek opp, eller når det er éin høgtalar som speler av. På eit monospor i redigeringsprogrammet er det éin strek der du kan sjå volumet, i motsetnad til på eit stereospor, der du ser to strekar.

Mono og monospor

Skal du ta opp ein snakke-stemme til eit radioprogram eller til ein film, fungerer mono ypparleg. Då bruker du éin mikrofon som du plasserer framfor ansiktet til den eine personen som skal seie noko. I redigeringsprogrammet du bruker, kan du truleg velje mellom eit monospor og eit stereospor. Då er det naturleg å leggje dette opptaket på eit monospor.

I enkelte program må du bruke eit monospor til eit monoopptak. Om du prøver å leggje ei monofil på eit stereospor, vil i så fall dette ikkje gå. Men dette er altså programavhengig.

Panorering

Å flytte lyden mellom venstre og høgre kanal blir kalla panorering. Om du har ein monolyd som du ønskjer å flytte frå høgre til venstre kanal, kan du altså gjere det ved å vri på panoreringsknappen.

Vanlegvis legg vi stemmer midt i lydbiletet. Med midten av lydbiletet meiner vi at opptaket blir like sterkt både på høgre og venstre side.

Kvar ligg lyden eigentleg?

Når signalet er like sterkt i begge hovudtelefonane, eller i begge høgtalarane, oppfattar hjernen det slik at lyden kjem rett framanfrå. Om du tenkjer etter, er det litt rart, for rett framfor oss er det inga lydkjelde.

Lydkjeldene, det vil seie hovudtelefonane eller høgtalarane, er på kvar side av hovudet, men hjernen er van med å tolke det slik at signal som er like, og like sterke i begge øyra, kjem rett framanfrå.

Monoopptak og stereoutgang

Eit monosignal som er teke opp med éin mikrofon, ligg på eit monospor, mens masterutgangen i eit lydprogram sender både til høgre og til venstre. Den er altså ein stereoutgang.

Sjølv om eit monoopptak er plassert i eit stereolydbilde og blir sendt til begge kanalar, vil det likevel alltid forbli eit monoopptak. Monoopptaket kan likevel flyttast trinnlaust mellom høgre og venstre side av stereoutgangen.

CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2017

Læringsressursar

Lydteori