Hopp til innhald

Fagstoff

Tau og tauverk

Tauverk blir brukte i mange ulike naturbruksnæringar. Tau blir laga i ulike materiale og tjukkleikar og med ulike metodar. Tradisjonelt var det reipslagaren som laga tau på noko som vart kalla ei reiparbane, og yrkestittelen var reipslagar.

Nylontau

Nylontau er laga av polyamid eller polyester. Polyamid er sterkast. Tau av polyamid er elastisk og eignar seg som slepe- og fortøyingstau, surreline til presenning, lastenett, surringstau, løftestroppar, klatrenett og taustigar. Polyester er mjukare og meir fleksibelt.

Polypropylen

Dette tauverket blir laga i fleire variantar. Det har høg brotstyrke og låg vekt, slik at det flyt. På grunn av vekta er det også rimeleg. Nokre typar toler ikkje gnag. Tauet har fleire forskjellige bruksområde på land og sjø og blir brukt som garntelner, iler, taljetau, stroppar, fortøyingstau og tau i lystbåtmarknaden.

Polyetylen

Tau av polyetylen toler gnag og er lett slik at det flyt. Det er glattare og stivare enn dei andre typane syntetisk tau og er rimelegare. Det er mest bruk som fortøyingstau, som garnankertau eller iletau. Det største bruksområdet for polyetylen er som fletta eller tvinna trålnett.

Blandingstau

Ved å blanda fibrar kan vi kombinere dei beste eigenskapane til materiala i eitt produkt. Nordkappline er eksempel på blandingstau.

Danline

Danline er eit tau laga av polypropylen og polyetylen. Dei vanlegaste bruksområda er som laste- og klatrenett og som tauverk i forankringssystem. Det er mykje bruk i fiskeflåten. Strukturen i tauet gjer at det har svært gode eigenskapar ved spleising. Det bør ikkje oppbevarast i direkte sollys. Tauet absorberer ikkje fukt, og er resistent mot syrer og alkali. Det har høg brotstyrke og flyt.

Naturfiber

Naturfibertau er mindre brukt i tauverk i dag. I tidlegare tider var dette tauet einerådande, men er utkonkurrert av syntetisk tau.

Sisal
fiber frå ei tropisk agaveplante, og manila, laga av banantrefibrar, vart tidlegare mykje brukt i tauverk. Dette er sterke naturfibrar som blant anna blir brukt til tynnare tauverk. Manilatau er lett, elastisk og motstandsdyktig mot ròte i sjøvatn. Til sjøs vart dette tauet mykje brukt til løpande rigg, taljeløparar og liknande.
Kokostau
framstilt av kokosnøttfibrar, er lettare, men har tilnærma same brotstyrken som manilatau. Det toler vatn og vekslande væte og tørke. Tauet vart mykje brukt til anker og fortøyingar.
Bomullstau
mjukt og slitesterkt og var tidlegare nesten einerådande som seilduksmateriale.
Hampetau
lite elastisk, men svært strekkfast, vart brukt på seglskip til ståande rigg. Hampetau i dag blir framstilt på ein forenkla måte og er lite brukt i fiskereiskapar. Bruksområde er sperregarn og til tauverk. Hampetau blir brukt på eldre båtar, eller der det er strenge miljøkrav. Det ròtnar raskt når det er fuktig, går i oppløysing og forsvinn i naturen.

Ståltau

Av ståltråd blir det laga ståltau, vaier. Vaier kjem av det engelske ordet «wire rope».

Tau og reimer av lêr og skinn

Det blir også laga tau av skinn, lêr og anna materiale frå dyreriket. Seletøy til hest og andre ridedyr blir laga av mjukt skinn. I samisk handverk, duodji, bruker ein sener frå reinen som sytråd. Fleire sener blir slått eller fletta til tjukkare tau.

Finn ut

Kva for typar tau og tauverk finst i driftsbygningane, verkstaden og arbeidsstasjonane på skulen? Finn ut kvar materialar tauverket består av, og kva eigenskapar og bruksområde det har. Lag ein plakat med taubitar eller bilete av taubitar.

CC BY-SASkrive av Kyrre Pettersen og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2017

Læringsressursar

Reiskapar og utstyr