Hopp til innhald

Fagstoff

Bedrifter som tilbyr naturbaserte aktivitetar

Naturbaserte reiseopplevingar er populære, og eit aukande tal bedrifter tilbyr aktivitetar i naturen. Ein del av desse bedriftene er sertifiserte som økoturismebedrifter.
Ein mann som driv flugefiske på stille vatn. Ein båt er fortøyd ved sida av han, og det er hus i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lengst nord i landet, nærare bestemt i Finnmark, er det fleire bedrifter som har spesialisert seg på å tilby turistar naturbaserte aktivitetar, basert på lokale naturressursar og lokal kultur og tradisjon. To av desse bedriftene som blir nemnde her, driv med grønt reiseliv og er sertifiserte som økoturisme-bedrifter.

Berekraftig

Begge bedriftene er opptekne av å ta vare på miljøet, og dei arbeider hardt for å kunne tilby opplevingar frå ei berekraftig driftsform, basert på lokale ressursar.

Marit Sund og Arbe Liaklev i Pasvik driv overnattingsstaden Ellentjern og tilbyr gaida turar i naturen til gjestane sine. Hundekøyring, rovfuglkikking og padling i kano eller kajakk er nokre av opplevingane gjestane kan få her.

Hos Ingjerd Tjelle på Ekkerøy får ein oppleve naturen på nært hald. Bedrifta hennar er klassifisert som den første økoturisme-bedrifta i Finnmark, og den 13. i Noreg. For å bli godkjend som økoturisme-bedrift må ein tilfredsstille hundre krav i ei streng nasjonal merkeordning.

Økoturisme

Norsk økoturisme bygger på dei internasjonale prinsippan for økoturisme, og følger dei internasjonale måla for økoturisme som FN og Den internasjonale økoturismeforeininga tilrår. Samtidig er norsk økoturisme bygd på og tek omsyn til reiselivsstrukturen og dei miljøutfordringane vi har i Norge. Tilfredsstiller ein krava til godkjenning som Norsk økoturisme stiller, tilfredsstiller ein òg dei internasjonale måla for økoturisme.

Finn ut meir

På nettsidene til Norsk økoturisme finst det ei oversikt over godkjende økoturismebedrifter.

Finn heimesida til ei bedrift du vil vite meir om. Du kan bruke ei av bedriftene som er nemnde i teksten over, eller ei bedrift frå heimfylket ditt.

  1. Kva er det bedrifta sel?
  2. Kven kan vere aktuelle som kundar?
  3. Kvifor bør kundane velje akkurat denne bedrifta? Vel ut fire setningar frå heimesida som skildrar det.
  4. Nemn to–tre ting du liker ved heimesida.
  5. Kva finn du på heimesida som fortel deg at dette er ei økoturismebedrift?

Organisasjonen HANEN

HANEN er ein landsdekkande næringsorganisasjon for verksemder innanfor bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Noreg.

HANEN hjelper medlemmene sine med mange ulike oppgåver (å bli godkjende av Mattilsynet, med skjenkesaker, overfor kataloghaiar mm.) og viser vidare til ekstern hjelp når det er behov for det.

HANEN har eit aktivt samarbeid med mange organisasjonar og offentlege verksemder, og samarbeider nært med Bondens marked og Norsk gardsost. Norges Bondelag, Norsk bonde- og småbrukarlag og stiftelsen Matmerk er òg sentrale samarbeidspartnarar for HANEN.

Målsetjinga for HANEN er å medverke til at medlemsbedriftene blir styrkte både økonomisk og marknads- og driftsmessig gjennom medlemskapen sin.

Relatert innhald

Nettside hos hanen.no

CC BY-SASkrive av Anita Andersen og Tone Olavsdotter Mosebø.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2017

Læringsressursar

Friluftsliv og naturbasert reiseliv