Hopp til innhald

Fagstoff

Jordvern

Matjord, som er det fruktbare jord- eller moldlaget på åkrar og enger, er ein avgrensa ressurs som blir brukt til plantedyrking og matproduksjon i jordbruket.

Matjord

Matjord blir danna gjennom ein svært tidkrevjande biologisk prosess, der det kan ta frå fleire hundre til opp mot tusen år å danne nokre få centimeter med matjord. Matjord er uerstatteleg i all plantedyrking og er grunnlaget for matproduksjonen i verda.

Filmen Let's talk about soil viser kva som skjer med matjorda i verda, og kvifor det er viktig å ta vare på matjorda.

Diskuter

  • Kjenner de til eksempel på at dyrka mark forsvinn?
  • Kva er årsakene til at dyrka mark blir borte i Noreg?
  • Kva kan vi gjere for å behalde areal til matproduksjon?
CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2018

Læringsressursar

Jord og jordsmonn