Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Arbeidsoppdrag for målaren

Prøv deg på å sparkle og måle gipsveggar i ein hjørnemodul.

Arbeidsoppdraget

Du skal sparkle og måle veggar som har ei overflate av gipsplater. Det kan godt brukast hjørnemodular som de lagar i tømrarfaget. Då får de eit hjørne kvar. Arbeidet vil ta minst 2 dagar, då sparkel og måling må tørke mellom kvar behandling.

Materiale

Du treng sparkel, sparkelremse, sandpapir, måling og målingstrau.

Verktøy

Du treng sparklar, kniv og målarrull med forlengjarskaft.

Sparkling

Ujamne felt og skøytar skal sparklast. Det skal leggjast sparkelremser i skøyten mellom gipsplatene. Det skal sparklast i fleire lag, og slipast med sandpapir mellom kvart lag. Veggen skal vere glatt og fin etter sparkling.

Måling

Du skal måle med rull som er påmontert forlengjarskaft. Det skal målast 2 strok slik at målinga dekkjer godt. Etter målinga er ferdig, skal veggen ha ein jamn og fin farge.

Hjørnemodul med gulv og vegger i kryss. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teikningsfil for SketchUp og andre teikneprogram

Filer

Arbeidslogg og eigenvurdering

Arbeidslogg og eigenvurdering (googledokument)

CC BY-SASkrive av Rune Norli og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2017

Læringsressursar

Målaren