Oppgåve

Finn typiske trekk ved eventyr

Publisert: 07.11.2013, Oppdatert: 03.03.2017

Kjelder

Les s. 7–9 i den digitale boka
Alf Prøysen: Teskjekjerringa 

 

Les om Klatremus og dyra i Hakkebakkeskogen på s. 98–101 i den digitale boka
Kulturboka. 1–2. Under den hvite bro  

 

 

"Det rusler og tusler,  rasler og tasler" av Theodor Kittelsen. Teikning. Det rusler og tusler, rasler og tasler av Theodor Kittelsen   

Oppgåver

  1. Den såkalla tretalsloven er utbreidd i eventyra. Ta for deg nokre eventyr og finn stader der tretalet er brukt.
  2. Kan du komme på andre døme utanom eventyret der tretalet har slik magisk eller heilag verknad?
  3. Kva for familiekonfliktar er det vi gjerne finn att i eventyra? Nemn døme.
  4. Kva slags verd beskriv dei norske folkeeventyra? Liknar dei på vår verd? Kva er likt, og kva er forskjellig?
  5. Sjå på språket. Finn døme i folkeeventyra på uttrykk frå arbeids- og daglegliv i gamle dagar som du trur ungdom i dag vil ha vanskeleg for å forstå.
  6. Les Prøysens forteljingar om Teskjekjerringa og Egners forteljing om dyra i Hakkebakkeskogen. Kva for trekk i desse forteljingane minner deg om folkeeventyra?
  7. Diskuter: Det ser ut til at vi er inne i ein periode der interessa for eventyr aukar. Vi er vortne kjende med eventyrsamlingar frå framande kulturar. Diskuter kva som kan vere årsaka til denne oppblomstringa i interessa for eventyr.
  8. Skriv eit eventyr med tittelen "Guten som redda verda" eller "Jenta som redda verda".
 

 

Relatert innhald

Generelt