Fagstoff

Dyreeventyr

Publisert: 04.12.2013, Oppdatert: 03.03.2017

Geit som stanger en kattTheodor Kittelsens illustrasjon til eventyret "Kjetta som var så fæl til å ete". 

Dyr som hovudkarakter

Dyreeventyr er eventyr der hovudkarakterane er dyr. Dyra tilhøyrer gjerne den lokale faunaen. I norske folkeeventyr møter vi vanlege skogsdyr som bjørn og rev, og husdyr som høner eller kattar. I eventyr frå andre kulturar kan dyr som løver og elefantar opptre som hovudkarakter.

Eventyret handlar om korleis dyra lever seg imellom, eller om samkvemmet deira med menneska. Dyra taler og oppfører seg som folk, men har på same tid dyrekroppen sin og særmerka sine som dyr. I forteljinga går dyreverda og menneskeverda i eitt. Dyra opptrer av og til i bestemte samfunnsroller, til dømes som prest eller dommar.

Spesielle eigenskapar

Ein dyreart er gjerne tillagd ein hovudeigenskap. Reven er lur, katten er bereknande, og bjørnen litt dum, men snill. Hanen og høna opptrer ofte som ektefolk som kranglar seg imellom.

Fleire eventyr fortel om opphavet til ein spesiell utsjånad eller ein spesiell eigenskap som dyret har. Kvifor har eigentleg reven kvit haletipp, og kvifor har gjertrudsfuglen ein raud flekk på brystet?

Dyreeventyr og dyrefablar

Dyreeventyra er gjerne kortare enn dei eigentlege eventyra. Ofte er det knapt noka forteljing, men heller ein situasjon eller episode. Her ligg eventyret tett opp til den satiriske forma som pregar dei tekstane vi kallar dyrefablar. Forskjellen på dyreeventyr og dyrefablar er at fabelen gjerne endar med å trekkje ein bestemt moral ut av det som er fortalt.

Hare og elefantIndisk dyrefabel der haren lurer elefanten med spegelbiletet av månen.