Fagstoff

Dei eigentlege eventyra

Publisert: 07.11.2013, Oppdatert: 03.03.2017

Visste du ....

at sjølv om Askeladden er ein av dei faste typane vi møter i eventyra, er han i mykje større grad enn dei andre ein samansett person.

 

Han representerer draumen om framgang, og vert lønna for eigenskapar som mot og hjartelag, kreativitet, fantasi, gløggleik og tolmod.

 

Mottoet hans er: "Den som intet våger, intet vinner!"

 

 

 

Eventyret Manndattera og kjerringsdattera er eit døme på eit undereventyr. Lytt til eventyret. Avspelinga varer ca. 15 min.

 

Manndattera og kjerringdattera 

 

 

 

Askeladden og trollet av Theodor Kittelsen. Teikning.Theodor Kittelsen: Askeladden   

 

Askeladden og prinsessa som ingen kunne målbinde.Askeladden og prinsessa som ingen kunne målbinde.  

Dei eigentlege eventyra er den største og mest sentrale gruppa av eventyr. Vi deler dei inn i fleire mindre grupper.

Undereventyr

Undereventyra inneheld gjerne fleire episodar og kan vere ganske lange og kompliserte. Dei skildrar ei verd med troll og vette, bergtaking, omskaping og ting med overnaturlege eigenskapar.
Gode døme er:

  • Soria Moria slott
  • De tre kongsdøtre i berget det blå
  • Askeladden som kappåt med trollet
  • Gutten og fanden

Hovudemnet er gjerne ein strid mellom helten i eventyret og ein overnaturleg motstandar (troll, drake, djevel), eller det vert fortalt om korleis helten løyser ei rekkje vanskelege oppgåver. Han får hjelp av trollkyndige menneske eller vette, av dauingar, eller av dyr som gjerne er omskapte menneske. Han kan også ha fått tak i gjenstandar som hjelper mot alle vanskar, som til dømes sjumilsstøvlar.

Legendeeventyr

Legendeeventyra har religiøse motiv. Dei har fått namnet sitt fordi Vårherre eller ein helgen er med. Hendingane er fleire gonger lagde til ”den tida då Vårherre og St. Peter vandra på jorda”, som ril dømes i eventyret Jomfru Maria og svalen. Gjertrudsfuglen er også eit legendeeventyr.

Novelleeventyr

Novelleeventyra liknar på undereventyra, men det overnaturlege kjem mindre fram her, eller det manglar heilt. Dei står det verkelege livet nærare, og har ofte ein humoristisk tone. Eit av dei beste døma på novelleeventyr er Prinsessa som ingen kunne målbinde.