Fagstoff

Skjemteeventyr

Publisert: 04.12.2013, Oppdatert: 03.03.2017

Der Spargroschen av Wilhelm Leibl. Maleri.Mannen som skulle stelle heime  

Ventil for samfunnskritikk

Skjemteeventyra har eit meir realistisk preg enn dei andre eventyrkategoriane. Dei gjer narr av allslags toskeskap og folk som gjer seg til.

Dei norske skjemteeventyra vart til under eineveldet då vanlege folk korkje hadde røysterett, ytringsfridom eller pressefridom. Eventyra fungerte då som ein ventil for samfunnskritikk.

Dei som har makt og myndigheit, får ofte gjennomgå. Den folkelege gapestokken rammar spesielt futar (skatteinnkrevjarar) og prestar. Kongen vert likevel framstilt som storslagen og godlynt, men ikkje spesielt gløgg. Fanden og futen er eit døme på eit samfunnskritisk eventyr.

Ein gapestokk for toskeskap

I skjemteeventyra møter vi menneske frå alle samfunnslag. Nokre er kloke, og nokre er dumme. Det er ofte den lure og ordrappe som har framgang i livet. Personar som opptrer som dumme og tilgjorde, vert hengde ut til spott og spe.

Nokre eventyr handlar om samliv og ekteskap, som til dømes kjerringa mot straumen som gjorde opprør mot alt og alle, og den hjelpelause mannen som skulle stelle heime. Det finst også fleire eventyr som fortel om friaren som skal ut og fri, til dømes Prinsessa som ingen kunne målbinde. Desse eventyra gir oss innblikk i kjønnsrollemønsteret på den tida. Dei mest erotiske skjemteeventyra vart ikkje utgitte i dei offisielle eventyrsamlingane.

Lyge- og ramseeventyr

Lygeeventyr er forteljingar der den eine løgna tek den andre. Omgrepet ramseeventyr vert brukt om forteljingar der same formulering vert gjenteken om og om igjen, samstundes som forteljinga tek eit steg vidare. Døme er Hanen og høna i nøtteskogen og "God dag, mann!" – "Økseskaft".