Fagstoff

Forteljemåte og verdiar i folkedikting og samtidstekstar

Publisert: 24.08.2017

Om forteljemåte og verdisyn i norrøn litteratur og moderne fantasy-litteratur.  

Å samanlikne handlar om å finne likskapar og forskjellar. Tekstar som er vortne til med fleire hundre års mellomrom, kan ha mange fellestrekk. Når vi samanliknar samtidstekstar med mytar og folkedikting, ser vi spesielt på forteljemåte og det verdisynet som kjem til uttrykk i tekstane.

Å samanlikne tekstar

Når du får i oppgåve å samanlikne to tekstar, tyder det at du skal finne likskapar og forskjellar mellom dei to tekstane. Myter og folkedikting er historier som har levd på folkemunne i lang tid før dei er vortne skrivne ned. Dei er prega av ein muntleg tradisjon, og av korleis folk tenkte og kva dei trudde på i den tidsperioden forteljingane vart til i.

Samtidstekstar er tekstar frå vår eiga tid. Desse tekstane er også prega av korleis vi som lever no, har det; kva vi tenkjer på, og kva vi trur på. Det er berre så vanskeleg å få auge på det, sidan vi ofte tek for gitt grunnleggjande tankemønster i vår eigen kultur. Derfor er det ei spanande øving å ta eit skritt til side og samanlikne tekstar frå vår eiga tid med tekstar som vart til for mange hundre år sidan.

Tenk etter

Levevilkåra i Noreg på 2000-talet er ganske forskjellig frå livet i tidleg mellomalder. Forfattaren Sigrid Undset hevdar likevel at «... menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager».

Er du einig med henne i det?

 

Forteljemåtar

Omgrepet «forteljemåte» tyder rett og slett måten ei historie er fortald på. Ei forteljing kan byggjast opp, eller komponerast, på ulikt vis. Ho kan vere refererande, skildrande eller scenisk. Forteljinga kan gå føre seg i notid, eller skildre noko som har skjedd tidlegare.

Når vi beskriv forteljemåte, seier vi gjerne også noko om forteljar og synsvinkel i teksten. Hugs at forteljar ikkje er det same som forfattar! Forfattaren er ansvarleg for teksten, men skaper ein forteljar i historia, som formidlar handlinga vidare til lesaren. Forteljaren er «stemma» i teksten som snakkar til oss. Vi skil mellom to typar forteljarstemmer: den personale fortelljaren og den autorale forteljaren.

Ein personal forteljar er sjølv synleg i teksten, for eksempel som hovudperson eller biperson, som vitne til handlinga eller som aktiv deltakar. Når forteljaren er personal, vert historia fortald i eg-form. Ein autoral forteljar opptrer ikkje sjølv som person eller som eit «eg» i teksten, men fortel eller refererer historia utanfrå.

Synsvinkelen er ståstaden som forteljaren vel å fortelje handlinga frå. Når handling og personar vert skildra utanfrå, seier vi at synsvinkelen er ekstern. Ved bruk av ekstern synsvinkel får ikkje lesaren vite kva personane i forteljinga tenkjer eller føler, berre kva dei seier og gjer. Men forfattaren har ei moglegheit til: Han kan velje å bruke ein person i handlinga som «kamera», slik at vi får oppleve handlinga sett gjennom auga til denne personen. Då snakkar vi om intern synsvinkel.

Forteljemåte handlar også om korleis språket vert brukt til å formidle ein bodskap, og til å engasjere oss som lesarar. Ein forteljar kan nytte seg av mange språklege verkemiddel. Ved munnleg overføring vert det gjerne nytta ein del faste formuleringar som gjer det enklare å hugse og videreformidle forteljinga.

Verdiar

Verdiane i ein tekst fortel oss noko om kva som er viktig for forfattaren og samtida hans eller hennar. Ofte handlar verdiane om kva som driv eller motiverer ein karakter til å ta forskjellige val i teksten. For å identifisere verdiane i ein tekst, kan du stille deg sjølv nokre av desse spørsmåla:

  • Kva trur hovudpersonen på?
  • Kva er viktig for han eller henne?
  • Kva motiverer karakterane?
  • Kva kan forklare det dei gjer?
  • Kva for verdiar er sentrale i samfunnet slik det er beskrive i teksten?
  • Har karakterane dei same verdiane, eller er det ein konflikt mellom individet sine verdiar og samfunnet sine verdiar?
  • Kva for verdiar løner det seg å ha i teksten?
  • Kva for verdiar straffar det seg å ha?
  • Når vart teksten skriven? Kva slags verdiar var viktig i samfunnet på den tida?