Hopp til innhald

Fagstoff

Kalligrafi

Dei første skriftene kom lenge før boktrykkarkunsten og var nødvendigvis nedteikna for hand.
Hånd som skriver med kulepenn på papir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi jobbar med grafisk design, har vi ein tendens til å tilpasse oss etter dei fontane datamaskinen har å tilby. Då kan du skrive raskt og lett, fikse feil eller flytte rundt på det du har skrive. Det er ein såpass naturleg del av kvardagen, at det kan verke som dei trykte bokstavane, typografien, alltid har vore der.

Dei første handteikna skriftene og utviklinga av dei, kalligrafien, er utgangspunktet for dei trykte bokstavane; typografien.

Kalligrafi er skriftkunst. Ein skriv for hand på ein kunstferdig måte ved hjelp av ein penn, pensel eller tusj med ei brei og ei smal side. Det fører til at vinkelen på skrivereiskapen bestemmer om linja blir tjukk eller tynn.

Tenk etter

Korleis står det til med handskrifta di? Er ho tydeleg og behageleg å sjå på, eller er det rom for betring? Heldigvis blir det ikkje venta at kvar og ein av oss kan skrive kalligrafisk.

Du kjem langt med normalt god handskrift, men det kan vere greit å setje seg inn i og tenkje over korleis det måtte vere å jobbe med skrift før boktrykkarkunsten, skrivemaskinar og PC-ar vart funne opp.

Til fordjuping

I denne filmen kan du sjå nokre eksempel på korleis det kan gjerast (YouTube). Det finst mange instruksjonsvideoar på nett som du kan bruke dersom du ønskjer å lære kalligrafi.

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 12.07.2017

Læringsressursar

Typografi