Hopp til innhald

Fagstoff

HMS for rørleggjaren

Helse, miljø og sikkerheit er viktig i røyrleggjarfaget. For å jobbe sikkert har røyrleggjaren mange lover og reglar som må følgjast. Målet er å sikre at det ikkje blir skadar på menneske eller materiell.
Hjelm, hansker, vernebriller og rørtang på kumlokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personleg verneutstyr

Som ein standard ved påklednad skal røyrleggjar alltid ha

  • eigna arbeidstøy
  • vernesko
  • vernebriller (ved behov)
  • hjelm (ved behov)
  • hanskar (ved behov)
  • vernemaske/støvmaske (ved behov)
  • høyrselvern (ved behov)

Varme arbeid

Ein røyrleggjar jobbar med varme heilt opp mot 3500 gradar celsius. Dette skjer under sveising med acytylen og oksygen, også kalla gassveising. Det finst mange andre arbeid som inneber bruk av varme, som bruk av: propanbrennar, varmepistol, lysbogesveising, MIG-, TIG- og MAG-sveising. Dette er berre nokre av dei verktøya og utstyret som røyrleggjaren bruker i kvardagen. For å kunne jobbe med det vi kallar «varme arbeid», må den som utfører slike arbeid, gå eit kurs i varme arbeid. Dette er eit krav frå forsikringsselskapa, grunna mange ulykker og brannar under utføring. Brannvesenet arrangerer slike kurs, og du får ved bestått eksamen eit sertifikat som er gyldig i 5 år, då må du resertifiserast.

ADK1 (Anlegg, drift og kontroll)

Røyrleggjaren jobbar med å leggje vass- og avløpsleidningar i grøfter utvendig. For å jobbe med slike arbeid må den som utfører arbeida, ha eit ADK-sertifikat. Alle entrepenørar og røyrleggjarfirma må ha dette sertifikatet. Røyrleggjaren treng berre å ha ein lettare variant av sertifikatet som heiter S-ADK1, der S står for stikkleidningar. Stikkleidningar er vass- og avløpsleidningar som går frå hovudleidningane i gatene og inn til bustaden. Grøfter kan variere frå nokre få 10-tals cm til mange meter djup. Ved arbeid over 2 meter blir det stilt større krav til utføringa grunna tryggleiken.

Våtromssertifikat

Våtromssertifisering er ei sertifiseringsnorm. Alle som som jobbar med til dømes som eit bad, bør ha eit slikt sertifikat. På dette kurset lærer alle dei ulike faggruppene å planleggje og jobbe saman, slik at det blir eit tett og funskjonelt baderom som held god kvalitet i mange år. Dette har også komme som eit krav frå forsikringsselskapa som årleg utbetaler millionar av kroner i skadeerstatningar på utette våtrom. Røyrleggjaren legg opp vass- og avløpsrøyr i veggar, golv og tak. Det er då viktig at desse arbeida blir utførte på riktig måte, slik at det ikkje førekjem nokon lekkasjar.

Tunge løft

Det kan vere mange tunge løft i røyrleggjarfaget. Det er viktig å løfte riktig for å unngå skadar på kroppen. Ergometri lærer du om på skulen og i læretida i bedrift.

Arbeid i høgda

Røyrleidningar blir lagde i tak og opp på veggar. Det kan nokre gonger vere mange meter opp, og stillas kan vere nødvendig å bruke. Stillasbyggjefaget er eit eige fag, med eige fagbrev. Røyrleggjaren må vite når han/ho skal bruke stige, stillas eller lift. Dette lærer du om på skulen og som lærling i bedrift.

Maskiner og verktøy

Opplæring på bruk av maskiner og utstyr er ein viktig del av skule- og lærlingstida. Kjem du borti maskiner eller utstyr som er ukjent, be alltid om opplæring før du tar det i bruk. Slik unngår du å skade deg sjølv eller andre.

CC BY-SASkrive av Gunnar Hovd.
Sist fagleg oppdatert 27.10.2017

Læringsressursar

Røyrleggjaren