Hopp til innhald

Fagstoff

Interessentar

Interessentar er dei enkeltmenneska eller gruppene av menneske som ei verksemd eller ein organisasjon er gjensidig avhengig av.
Mennesker rundt et lyspunkt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein barneskule, for eksempel, har som oppgåve å lære barn kunnskapar og ferdigheiter for at dei som vaksne skal føre eit godt liv i samfunnet. Men det er ikkje berre barna som er interessentar for skulen. Foreldre er interessentar, og lærarar som jobbar der, politikarar som løyver midlar, og ungdomsskulen som skal ta imot elevane når dei er ferdige på barneskulen.

Interessentane er med andre ord summen av omgjevnadene som vedkjem verksemda, altså alle personar eller grupper av personar som er avhengige av verksemda, og som verksemda er avhengig av.

For ein barneskule har vi blant anna desse interessentane:

  • dei som er mottakarar av det organisasjonen driv med – elevar
  • lovgivande myndigheit – som har bestemt at alle norske barn skal gå på skule, og som via utdanningsdirektoratet utarbeider og forvaltar læreplanar og eksamensordningar
  • dei som leverer varer og tenester til organisasjonen – kommunen, forlag som sel bøker, lærarutdanningane som utdannar lærarane
  • dei som har same interessene som organisasjonen – ungdomsskulen, helseteneste, foreldre
  • dei som støttar organisasjonen i bestemte saker – politikarar, fagorganisasjonar, foreldreutval, media

Interessentar og strategisk kommunikasjon

I arbeid med strategisk kommunikasjon dannar du deg eit bilete av no-situasjonen til interessentane, og korleis situasjonen kan vere fem år fram i tid.

Dersom ein barneskule for eksempel har gjentekne problem med mobbing, og skulen har eit dårleg rykte, kan strategisk kommunikasjon brukast aktivt for å komme til ein ønskt situasjon med mindre mobbing og eit betre rykte for skulen.

Spørsmål du då må stille er:

  • Er det faktisk mykje mobbing? Eller er det mest rykte?
  • Kva blir gjort for å unngå mobbing i dag?
  • Kva bør skulen gjere og kommunisere for å endre relasjonen til omgjevnadene sine, altså skape tillit og truverd hos ulike interessegrupper, avhengig av om ryktene er sanne eller ikkje?
  • Kva er den faktiske no-situasjonen hos dei ulike interessegruppene?
  • Kva er måla skulen skal ha, med omsyn til ulike interessegrupper?

Tenk over

Kva ville du gjort av tiltak for å gjere mobbeproblema mindre?

Kva for kommunikasjonstiltak ville du prioritert for å gi skulen betre rykte?

Relasjon mellom interessentar og verksemda

God, sannferdig og korrekt kommunikasjon blir gjerne brukt for å halde ved lag gode relasjonar og å betre relasjonar mellom verksemda og interessentar. Gode relasjonar betyr gjerne at interessentar har tillit til organisasjonen og stoler på den kommunikasjonen dei får derfrå. Vi seier dermed at verksemda har eit godt omdømme.

Ein organisasjon med godt omdømme, som har truverd og er til å stole på, vil ha større innverknad og evne til å overtale med kommunikasjonen sin. Innverknad er makt, og makt betyr handlekraft. Ein organisasjon med innverknad og makt vil kunne få til meir. Men blir tillit, innverknad og makt misbrukt, er ikkje det bra.

Dersom barneskulen lykkast med tiltak både mot mobbing og kommunikasjonstiltak mot dårleg rykte, får interessegrupper større tiltru til skulen. Med større truverd får skulen større handlekraft, fordi interessegrupper som foreldre, helsepersonell og elevar stolar på skulen. Det kan føre til ei positiv utvikling som gjer det mindre sannsynleg at mobbing vil skje.

Kule i en hånd med stigende diagramsøyler. Fotoillustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Petter Skretting og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 12.07.2017

Læringsressursar

Profesjonell kommunikasjon og nye teknologiar