Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ein sukkersøt kunstplakat

Du skal lage ein plakat inspirert av ein stilhistorisk epoke som gjer at mottakaren får skikkeleg lyst på drops. Kva sukkertøyet smakar, og om du treng meir tekst enn tittelen, er opp til deg å bestemme.
Bringebærdrops. Foto.

Kriterium

  • Plakaten skal ha overskrifta «sukkertøy» eller «drops».
  • Det skal komme tydeleg fram kva slags smak du promoterer.
  • Det skal komme tydeleg fram kva slags stilhistorisk epoke du er inspirert av.

Forslag til arbeidsprosess

  • Noter alle assosiasjonar du har til sukkertøy.
  • Bestem deg for smak – det kan hjelpe deg med fargeval og dekor.
  • Lag to moodboards.


    • I det eine skal du la deg inspirere av særtrekk ved art nouveau eller street art.
    • I det andre skal du la deg inspirere av særtrekk ved ein valfri epoke.
  • Bruk fargar, fontar, former, bilete, mønster og illustrasjonar frå epoken.

Vurder dei to moodboarda opp mot kvarandre. Har du treft stilen? Gå vidare med den av ideane du meiner vil fungere best.

  • Teikn skisser for å finne ut kva du kan og bør ta med, og kor du kan plassere det du vil ha med. Då blir det lettare å sjå om ideane dine fungerer.
  • Produser plakaten digitalt. Tenk over kva slags programvare du nyttar, slik at det stemmer med uttrykket du ønskjer å få fram.

Eigenvurdering og refleksjon

Er det tydeleg kva slags smak det er på dropsa du promoterer? Kva for verkemiddel har du brukt for å gi lyst på drops?

  • Er det tydeleg kva slags stilepoke du har late deg inspirere av? Forklar kva for kjenneteikn du har brukt for å få til det.
  • Kva er du mest nøgd med?
  • Kva ville du gjort annleis dersom du skulle gjort oppgåva om att?
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 11.07.2017

Læringsressursar

Bruk stilartar og uttrykksformer