Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva erfaring har du frå medieproduksjonar?

Tenk over den siste medieproduksjonen du gjennomførte.
Planlegging av nettbutikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva for fasar vil du dele produksjonsprosessen inn i?
    Kva for fasar jobba du mest med? Kva for fasar gjekk lettast å gjennomføre?
    Er det nokon av fasane du ser at du burde ha jobba meir med, no i etterkant?

  2. Diskuter med ein medelev korleis ein ideelt sett må jobbe når ein planlegg eit medieprodukt.
    Kva skjer før produksjon, under produksjonen og etter produksjon?
    Kva bør de gjere i ulike fasar for at resultatet skal bli best mogleg? Ta notat.
CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 11.07.2017

Læringsressursar

Medieproduksjon