Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva seier stolpediagrammet om TV-titting?

Statistikk er fine greier fordi vi på ein oversiktleg måte kan seie veldig mykje om veldig mange menneske.

I stolpediagrammet viser den vassrette linja, altså X-aksen, åra 2000 til 2016. Mens Y-aksen, tala i kvar stolpe, viser talet på minuttar dagleg TV-titting. Tala er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Kva stemmer med det du ser?

  • Grafen viser at TV-titting ikkje har endra seg mellom 2000 og 2015.
  • Grafen viser at TV-titting har gått litt opp og ned, og særleg ned frå 2008 til 2015.
  • Grafen viser at ungdom ikkje lenger ser på TV.

Kan grafen lesast annleis? Kva stemmer med det du ser?

  • Ungdom såg over ein time TV kvar dag i 2017.
  • Ungdom såg mindre på TV i 2000 enn i 2012.
  • Ungdom såg relativt lite TV i 2004, samanlikna med to år før og to år etter.

Som du ser, er påstandane riktige, men det er ein annan måte å lese tala på enn å fokusere på nedgang.

Statistikk blir misbrukt

I dei to sakene nedanfor kan du sjå at journalistane har valt å sjå på utviklinga av TV-titting over lang tid. Dei fokuserer berre på utviklinga dei siste åra. Og kanskje er det også det fokuset som med ein gong verkar mest opplagt. Ser vi på desse tala, ser det ut som om ungdom har meir enn halvert tida dei bruker på TV berre mellom 2011 og 2016.

Katastrofale tall for TV-bransjen

Rekordlave TV-tall for NRK og TV 2

Men stemmer det eigentleg? For kva med at det har vorte meir vanleg å strøyme TV frå datamaskinar og mobile einingar?

Både innan journalistikk, politikk og marknadskommunikasjon er det vanleg at statistikkar blir vridde, anten i tolkinga eller i skriftleg og visuell presentasjon, for å vekkje merksemd, passe inn i ein sjanger eller overtyde mottakarane i den eine eller andre retninga.

Sanninga om statistikk er at det viser tendensar eller ein bit av sanninga, som toppen av eit isfjell. Verkelegheita finn du under, mykje breiare, djupare og meir allsidig og fasettert.

CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 11.07.2017

Læringsressursar

Statistikk og kjeldekritikk