Oppgåve

Forsøk: Kor mykje energi bruker vi? (Heimeøving)

Publisert: 22.06.2009, Oppdatert: 03.03.2017

Det er ikkje alle som har eit medvite forhold til bruken av energi i eigen bustad, noko denne oppgåva kanskje kan bøte noko på?

Peisbål. Foto.Varme frå peis.
Opphavsmann: Pöllö
 

 

Formål

Kartleggje kor mykje energi du og familien din bruker der de bur.
Finne kva energikjelder energien kjem frå.
Og kan vi leggje om til eit meir miljøvennleg energibruk?

Framgangsmåte

  • Lag ein tabell der de for kvar dag noterer: dato, klokkeslett, målarstand og utrekna forbruk. Deretter reknar de ut gjennomsnittleg energiforbruk per døgn per person i familien.
  • De skal også føre opp ein del data om husstanden elles, som kan påverke energiforbruket.
  • Deretter skal de gå saman i grupper, for eksempel på 3 elevar, og skrive ein rapport der de samanliknar og drøftar energibruken i eigen husstand og skilnader mellom resultata frå dei ulike husstandane.
  • De skal også drøfte eventuelle moglege enøktiltak.
  • Rapporten skal skrivast med riktig oppsett for ein rapport.

Resultat

Data om bustaden og dei som bur der:

  • Talet på personar som bur der:
  • Alderssamansetjinga på bebuarane:
  • Bustadarealet:
  • Om bustaden: Type, talet på rom, kjellar, isolering, skifta vindauge o.l., opplysning om kvar bustaden ligg, alder og anna som du trur kan påverke energibruken.
  • Varmekjelder og innetemperatur:
  • Type varmekjelder: plasseringa av dei, vanleg temperatur inne, nattsenking temperatur/varmekjelder.
  • Vanar og haldningar i husstanden til energibruk elles:
  • Gjennomsnittleg energiforbruk per døgn per person.

 

Relatert innhald