Hopp til innhald

Fagstoff

Stereotype framstillingar i media

Media viser ofte eit forenkla og statisk bilete av individ og grupper. Det påverkar oppfatninga vi har av korleis vi bør sjå ut og oppføre oss overfor andre. Men dei fleste av oss trur ikkje blindt på det vi ser og høyrer.
Ei jente ser på ein skjerm, og Facebook-logoen er spegla i auget hennar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du har kanskje høyrt eller lese påstandar som denne: Ungdommar er psykisk ustabile vrak med dårleg sjølvtillit, eit forstyrra kroppsbilete og eit seksualisert sjølvbilete, og alt er media si skuld.

Heldigvis er det ikkje så ille!

Men det er lett å få eit slikt inntrykk når ein les om ungdom og medium i media. I samfunnet vårt er media noko vi bruker mykje tid på og er veldig opptekne av. Vi scrollar nedover feeden på sosiale medium, ser bilete, videoar, meiningar og påstandar, og formar synet vårt på verda basert på det vi ser.

Det fører ikkje berre med seg at vi får meir kunnskap, det gjer også noko med korleis vi tenkjer at vi skal vere som menneske – korleis vi skal sjå ut, korleis vi skal gå kledd, og korleis vi skal oppføre oss overfor andre.

Media skaper uheldige stereotypiar

Media har fått mykje kritikk for stereotype framstillingar. Med stereotyp framstilling meiner vi eit forenkla bilete av eit individ eller ei gruppe menneske som har nokre felles kjenneteikn. Kritikarane meiner altså at menneska vi møter i media, framstår som karikaturar. På den måten bidreg media til å gi folk eit skeivt bilete av kulturar, menneske og grupper av menneske.

Filmar, reklame og TV-seriar får kritikk for å berre fokusere på veltrente og pene menneske. Pornoen har fått kritikk for å framstille både gutar og jenter som alltid kåte og alltid villige. Journalistikk og enkelte krim-seriar har fått kritikk for å framstille mørkhuda folk, og då særleg muslimar, som skurkar og terroristar. Til saman gir dette grunnlag for å snakke om ei stereotypifisering.

I nyheitsjournalistikken er det gjerne visse eigenskapar som gjer ei kjelde interessant, og derfor får vi fort stereotypiar som politikar, kriminell og kjendis. Kjeldene blir ikkje framstilte som menneske med ulike sider og eigenskapar. Også i fiksjonsforteljingar som eventyr, underhaldningsfilmar og TV-seriar er det gjerne nytta stereotype karakterar fordi dei gjer historia lettare å fortelje.

Det er ikkje berre personar som kan bli stereotypifiserte. Mellommenneskelege forhold, som ein romantisk relasjon, ein sjef–tilsett-relasjon eller ein brukar–saksbehandlar-relasjon, kan ofte bli forenkla når relasjonen blir framstilt i media.


Eller er det så ille?

Det er lett å få inntrykk av at stereotypifisering påverkar oss menneske på ein veldig negativ måte. Men mykje taler for at det ikkje er så ille.

  • Media er langt frå den einaste staden vi får informasjon frå, og vi formar ikkje synet vårt på verda berre gjennom media.
  • Mediebrukarane er ikkje ukritiske, og det er ikkje slik at vi berre «tek inn» eller trur på alt vi ser.
  • Normene og verdiane dine endrar seg ikkje berre fordi du ser noko i media.

Den negative påverknadskrafta media har, får veldig mykje merksemd, og det er lett å gløyme at måten vi blir sosialiserte på gjennom media, også kan vere positiv. Vi lærer for eksempel andre språk og om andre kulturar, og om korleis det er forventa at vi skal oppføre oss i ulike situasjonar.

Ulike menneske tolkar ulikt

Forskarar har i årevis vore opptekne av måten vi blir sosialiserte på gjennom media, men har likevel ikkje greidd å kome fram til noko eintydig svar. For det er ikkje lett å slå fast om, og på kva måte, media formar oss menneske.

Folk vil tolke mediebodskapar forskjellig og dermed bli påveka ulikt. Korleis du oppfattar det som blir sagt eller skrive, vil vere avhengig av kven du er, kva slags bakgrunn og erfaringar du har, og kva du meiner om saka frå før. Dei fleste vil tolke det dei ser og høyrer, på ein måte som fell saman med dei interessene og haldningane dei allereie har.

Slik vil ein kampanje mot røyking få ikkje-røykjarar til å bli endå sterkare i trua på at det er skadeleg å røykje, mens røykjarar kanskje vil oppfatte kampanjen som ei stadfesting på at staten vil styre privatlivet deira. «Tvilarane» vil ein ha større hell med. Røykjarar som allereie hadde tenkt på å slutte, vil kanskje bli påverka til å ta affære. Dermed ser vi at slike kampanjar likevel kan ha ein effekt.

CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2020

Læringsressursar

Identitet i mediesamfunnet