Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dating i Kina – studiespørsmål

Tinder på iPad
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen Dating i Kina. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel. Finn svar på spørsmåla, og diskuter i klassen.

  1. Det formelle namnet på «app» på kinesisk er yìngyòng 应用, som eigentleg tyder «brukt»/«bruk», altså applikasjon. Men til dagleg kallar ein det i staden A-P-P etter bokstavane i det engelske ordet, altså uttalt bokstav for bokstav. Kvifor trur du ein gjer det i staden for å uttale det saman som eitt ord?
  2. Det mest brukte uttrykket for dating er jiāo yǒu 交友, «å knyte seg saman med ein venn». Leit deg fram til ein kinesisk app for dating, og sjå om du kan finne noko som du trur kan vere av interesse.
  3. Det nyskapte kinesiske ordet for det engelske «queer» – kù’ér 酷儿 – er språkleg interessant og opnar for fleire tolkingar. Forslag?

Relatert innhald

Internett har gitt kinesisk ungdom heilt nye høve til dating.

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 13.06.2017

Læringsressursar

Leksjon 7: På date