Hopp til innhald

Fagstoff

Logos

Logos handlar om dei faktiske argumenta eller påstandane i teksten eller talen. Mottakarane vert overtalte når dei opplever resonnementa som sanne eller sannsynlege.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det som stemmer overeins med verkelegheitsrøynsla vår, oppfattar vi som sant eller sannsynleg.

For eksempel:

  • Opplysningar som vert gitte, må oppfattast som sanne eller sannsynlege.

    • Eksempel: «Dyr kjenner smerte.»
  • Slutningane som vert trekte på grunnlag av opplysningane, må oppfattast som sanne eller sannsynlege.

    • Eksempel: «Dyr kjenner smerte, derfor bør vi forby produkt som er dyretesta.»

Når du skal finne saklege argument om ei sak, bør du vurdere argumenta du kjem fram til. Du bør vurdere om argumenta stemmer, du bør vurdere om argumenta er relevante, og du bør finne ut om argumenta kan bevisast.

Relevans

Relevans handlar om at det du seier, har noko med saka å gjere, og om det er viktig eller sentralt for å overtyde mottakaren. Dersom du for eksempel skal argumentere for at du treng ein ny sykkel, vil argumentet «eg treng ein ny sykkel fordi vennen min har fått ein ny», ikkje vere relevant eller viktig for å overtyde foreldra dine, sjølv om det er viktig for deg. Dersom du i staden argumenterer med «eg treng ein ny sykkel fordi den eg har, er øydelagd», er det eit meir sentralt argument, som er sterkare enn det første.

Haldbarheit

Haldbarheit handlar om at du bør ha belegg eller bevis for at det du seier, er sant eller sannsynleg. Det er ikkje alltid du konkret kan bevise ein påstand, men då bør du likevel prøve å komme med argument som byggjer opp under påstanden.

Hugseregel

Her er ei lita hugseliste til å vurdere kva for argument eller påstandar du skal ha med.

  • Er det riktig? (Stemmer påstanden?)
  • Er det viktig? (Er det relevant at nettopp det argumentet er med?)
  • Er det vektig? (Finst det bevis for at påstanden er sann? Er påstanden haldbar?)

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elin Marie Voie.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2017

Læringsressursar

Retorikk i bruk