Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor fører vi rekneskap?

Poenget med å drive ei bedrift er å skape verdiar. Då er det først og fremst viktig å selje produkt. Salet blir registrert som inntekter.
Ung kvinne med laptop. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Men det går ikkje an å skape inntekter utan også å få kostnader. Når til dømes ein blomsterbutikk sel ein bukett til 250 kroner, har dei kanskje brukt 100 kroner på blomstrar som dei har kjøpt inn. Dei har altså hatt ei inntekt på 250 kroner, men også ein kostnad på 100 kroner. Dei har dermed tent 150 kroner på dette salet.

Ein blomsterbutikk har også andre kostnader: lønn til dei tilsette, husleige, forsikring, telefon osv. Alt dette blir ført eller registrert i resultatrekneskapen.

Resultatrekneskap

Når ein månad er over, ønskjer butikken å setje opp ei oversikt over alle inntekter og alle kostnader i perioden. Er inntektene større enn kostnadene, får dei eit overskot. I motsett fall har dei eit underskot. Dette resultatet viser kor flinke dei har vore, eller kva verdiar dei har skapt i perioden.

Ein slik resultatrekneskap blir ført kvar månad. Når året er omme, har butikken ei samla oversikt over og eit resultat for korleis det har gått kvar månad og heile året. Det siste kallar vi årsresultat, som altså kan vise eit overskot eller eit underskot.

Resultatrekneskap
KostnaderInntekter
Varekost200 000Sal400 000
Andre kostnader150 000
Overskot50 000


Ser du likskapen mellom resultatrekneskapen og budsjettet og rekneskapen du laga?

Relatert innhald

Eit budsjett er eit forsøk på å seie noko om framtida, medan ein rekneskap seier noko om fortida.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 10.08.2017

Læringsressursar

Å drive eigen bedrift