Hopp til innhald

Fagstoff

Vi fører rekneskap

Her skal vi lære å føre rekneskap. Vi skal òg sjå litt på samanhengen mellom budsjett og rekneskap, og vi skal lære om resultatrekneskap og balanse.
Bilde av briller liggende på et regnskapsark. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rekneskap og budsjett

Det er fornuftig å lage eit budsjett for dine eigne inntekter og kostnader. Eit slikt budsjett kan gjelde for neste månad eller for ein lengre periode. Det er òg fornuftig å følgje med på korleis det går undervegs, og å gjere opp status når perioden er over.

Du lagar altså ein plan for din eigen økonomi. Dersom du også noterer korleis det verkeleg gjekk i perioden, har du ein rekneskap. Då er det lett å samanlikne budsjettet med rekneskapen. Differansen kallar vi avvik.

Med ei slik samanlikning forstår du lettare kvifor økonomien din blei som han blei, kva som gjekk betre, og kva som gjekk dårlegare enn planlagt.

Ser du forskjellen på eit budsjett og ein rekneskap? Eit budsjett er eit forsøk på å seie noko om framtida, medan ein rekneskap seier noko om fortida.

BudsjettRekneskapAvvik
Inntekter
Månadslønn1 0001 100+100
Lommepengar5005000
Sum inntekter1 5001 600+100
Kostnader
Mobil300350–50
Mat i kantina100150–50
Klede250200+50
Kafé, kino100200–100
Busskort1001000
Diverse150200–50
Sum kostnader1 0001 200–200
Til overs500400–100

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 08.08.2017

Læringsressursar

Å drive eigen bedrift