Fagstoff

Lesarinnlegg

Publisert: 03.12.2009, Oppdatert: 12.07.2012

Helst ikkje slik...

"Ein må jo vere heilt idiot for ikkje å skjønne..."

"Og berre for å under-streke kor inkompetent og direkte historielaus Andersen er, ..."

 

 

For eksempel slik:

"Treng vi eit kulturhus?"

"Gratis skolemat til alle!"

... og slik:

"Eg blei verkeleg sint da eg las Anne Haugens innlegg Elevane er for late! i Nordlys 28. mai..."

... og slik:

"Vi har ingen rett til å la kaninar, rotter, apar, hundar og andre dyr lide for vår skyld!"

Sei kva du meiner!

Dei fleste aviser, blad og nettstader har eigne (nett)sider der lesarane kan seie meininga si om saker dei er opptekne av. Det finst ingen formelle reglar for korleis slike lesarinnlegg skal sjå ut, men her får du nokre tips.

Innhaldet i eit lesarinnlegg

Eit lesarinnlegg skal handle om éi sak, og det må ikkje vere for langt. Teksten bør ha litt "trøkk", du skal skrive personleg, setje ting på spissen og ta eit klart standpunkt. Men du må likevel hugse å omtale andre med respekt.

Lesarinnlegg der andre blir hengde ut, eller der ein kjem med grove fornærmingar, blir sjeldan trykte. Det blir heller ikkje anonyme innlegg. Du kan be om at namnet ditt ikkje blir ført opp, men redaksjonen må vite kven du er.

Overskrift

Alle lesarinnlegg bør ha ei fengjande overskrift som gir lyst til å lese vidare. Overskrifta kan vere eit spørsmål som du tek opp og svarer på i teksten. Eller du kan tone flagg allereie i overskrifta og deretter grunngi synet ditt.

Innleiing

Begynn innlegget ditt med å presentere saka for lesaren. Dersom du svarer på eit innlegg frå ein annan person, må du vise til denne teksten. Du nemner kort hva han handlar om, og skriv deretter kva du sjølv meiner.

Hovuddel

I eit lesarinnlegg er det ikkje plass til å presentere alle sider ved ei sak. Lesarane ventar dessutan at du tek stilling, så du bør konsentrere deg om argument som støttar opp under det du meiner. Vel ut dei to–tre punkta som du synest er viktigast.

Avslutning

Du kan avslutte eit innlegg på fleire måtar. Viss du har stilt eit spørsmål i overskrifta, bør du i seinast i avslutninga komme med svaret ditt. Elles kan du for eksempel gjenta kva du meiner om saka, du kan komme med ei oppfordring til lesarane eller du kan stille eit spørsmål. Hugs òg at du skal signere innlegget.

Oppgåver