Hopp til innhald

Fagstoff

Lagring når etterarbeidet er ferdig

Når du no er ferdig med etterbehandlinga av eit bilete, må du ta stilling til kva for format biletet skal lagrast i. Val av endeleg lagringsformat avheng av om kunden vil at biletet skal skrivast ut og rammast inn, eller om det skal brukast i ei avis, ein blogg eller i eit magasin.
Image size paletten frå Photoshop. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle bilete må til slutt leverast i ein spesiell storleik, kvalitet og fargerom. Hovudskiljet går mellom bilete som skal leverast til trykk, og bilete som skal brukast på nett.

Bilete som skal brukast på nett

Bilete til web blir leverte i RGB-fargerom og som oftast i filformatet JPEG. JPEG-formatet sørgjer for at filstorleikane blir små, og at biletet dermed blir lettare å sende over nettet. Der er ei vanleg oppfatning at bilete til web skal ha ei oppløysing på 72 PPI (pikslar pr. tomme). Det stemmer likevel ikkje, sidan ein skjerm aldri viser bilete i måleeininga tommar. Ein skjerm er eit rutenett av pikslar i høgde og breidde. Det som avgjer kvaliteten på biletet, blir dermed talet på pikslar. Skal biletet visast i fullskjerm på ein skjerm med ei oppløysing på 1920x1080 pikslar, er det viktig at biletet har same oppløysing for å unngå uheldige forstørringar. Om pikslane til biletet er «stabla» 72 per tomme eller 300 per tomme, er irrelevant. Det er uansett ei bestemd mengd pikslar (1920px), og desse pikslane vil uansett visast éin og éin i rutenettet til skjermen.

Samanlikn bileta ved å dra skiljelinja/pilene. Eit bilete med riktig storleik unngår uheldig pikselering som kjem av at det har vorte forstørra.


Bilete som skal trykkjast

Skal biletet sendast til trykkjing, er derimot PPI-verdien svært viktig. Talet på pikslar som blir trykte per tomme, må vere så høgt at auga våre ikkje ser overgangane frå ein piksel til neste. Ein høg PPI sikrar dermed at biletet blir oppfatta både skarpt og jamt. Hovudregelen for bilete som skal trykkjast, er derfor at bileta har ei oppløysing på minst 300 PPI, og at biletfilene er sette opp i CMYK-fargerom. Les meir om skilnaden mellom RGB og CMYK i fagartikkelen om farger (NDLA).

Som fotograf må du kjenne til skilnaden mellom RGB og CMYK og korleis du konverterer bileta dine frå eit fargerom til eit anna. I praksis kan det vere lurt å overlate konverteringa til trykkjeriet då dei ofte har eigne CMYK-profilar tilpassa dei maskinane bileta blir køyrde ut på.

Biletfilene bør uansett lagrast i eit utkøyringsformat med tapsfri komprimering for å sikre best mogleg kvalitet på bileta. Det er vanleg å bruke biletformata TIFF eller PSD i arbeid med biletfiler i trykk.

Med omsyn til fysisk storleik og format er det viktig med god kommunikasjon mellom fotograf og oppdragsgivar. Skal biletet brukast som eit magasincover, er det for eksempel viktig at biletet er fotografert i ståande format. På same måten må fotografen vite kor stort sluttproduktet skal bli. Skal biletet brukast som eit innklippsbilete eller ein plakat, er det viktig å ta omsyn til dette i løpet av produksjonsprosessen, og at sluttproduktet blir levert i både rett format og rett storleik.

Publisering

Filformat

Fargerom

Kvalitet

nett

JPEG

RGB

Storleik: talet på pikslar breidde x høgde
Oppløysing (PPI): irrelevant for skjermvising

trykk

TIFF eller PSD

CMYK

Storleik: talet på centimeter i breidde x høgde
Oppløysing: 300 pikslar pr. tomme (PPI)

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2022

Læringsressursar

Biletredigering