Hopp til innhald

Fagstoff

Justering av fargar

I dei fleste samanhengar ønskjer vi at eit bilete skal gje att fargetonane i eit motiv så naturtru som mogleg. Men av og til handlar etterbehandling om å justere fargane slik at dei skaper ei bestemt stemning.

Samanlikn bileta ved å dra skiljelinja/pilene.

Kvitbalansering av bilete

Eit bilete bør alltid kvitbalanserast. Det vil seie at fargane i motivet skal framstå så naturleg som mogleg. Med eit pent og fargenøytralt bilete har du eit godt utgangspunkt om du seinare i prosessen ønskjer å bruke fargane meir kreativt.

Kvitbalanseringa fjernar eventuelle stikk av varm eller kald fargetone som kan dukke opp når du fotograferer under krevjande lysforhold. Spesielt innanfor sjangrar som arkitektur- og produktfotografering er det viktig at produkta og bygga blir viste fram med fargar som er så naturtru som mogleg.

I reklame- og motefotografering, derimot, blir ofte spesielle fargetoningar og andre fargeeffektar brukt aktivt for at motiva i større grad skal skilje seg ut og skape dei rette kjenslene hos mottakaren.

Slik kvitbalanserer du eit bilete

Vel eit punkt i biletet som skal vere nøytralt, det vil seie utan fargestikk. Har biletet eit fargestikk, vil det vere overvekt av raudt, grønt eller blått her. Ein raud genser eller raudt hår må eksempelvis ha overvekt av raudfarge for å framstå naturleg, og er dermed lite eigna til å bruke som utgangspunkt for kvitbalansering.

Det er derfor viktig å velje riktig punkt eller område for kvitbalansering. Profesjonelle fotografar bruker gjerne gråkort til dette. Eit gråkort er eit kort med forskjellige fargar og gråtonar. Modellen held opp kortet i eit bilete, slik at fotografen enkelt kan setje riktig kvitbalanse i etterbehandlingsprogrammet og kopiere han vidare til resten av bileta i serien.

Gråkort for kvitbalansering av fotografier. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tips!

Mange kameravesker er laga i nøytralt grått stoff innvendig nettopp fordi du skal kunne bruke dei som eit gråkort!

Fargejusteringsverktøy

Camera Raw har fleire gode verktøy for kvitbalansering. Du kan bruke pipetten i toppmenyen og sjølv prøve deg fram ved å klikke i motivet. Du kan velje mellom forskjellige ferdiginnstillingar eller automatiske innstillingar frå rullegardinmenyen til høgre, eller du kan sjølv setje kvitbalansen ved hjelp av glidebrytarane som du finn på same side.

Skjermdump av forskjellige kvitbalanseringar frå Camera Raw.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fotograferer du ikkje i raw-format, blir biletfilene gjerne opna direkte i Photoshop. Du kan likevel kvitbalansere dei ved hjelp av Camera Raw ved å velje «Camera Raw Filter» frå «Filter»-menyen. I Photoshop Express Editor finn du «White Balance» som eige menyval der du enkelt kan velje ferdige innstillingar eller foreta ei automatisk kvitbalansering frå toppmenyen.

Skjermdump av kvitbalanseringsverktøyet i Photoshop Express Editor.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tips!

La portretta dine få eit forsiktig gult fargestikk. Dette gir ekstra varme og fine hudtonar!

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2022

Læringsressursar

Biletredigering