Hopp til innhald

Fagstoff

Justering av lys

Ein god fotograf jobbar mykje med lys og lyssetting av motiv under opptak. Men jobben blir fullført først når bileta blir etterbehandla. Då er det mogleg å korrigere for ei eksponering som har gitt eit litt for mørkt eller litt for lyst resultat.
Portrett hvor RGB-verdiene i modellens ansikt vises. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lyset bør framheve fokuspunktet

Din jobb i etterbehandlinga er å perfeksjonere lyset i biletet ved å sørgje for at fokuspunktet til biletet er riktig eksponert, og deretter auke eller redusere lyset andre stader i biletet. Ein tommelfingerregel er at den lysaste delen av biletet ofte er den som får mest merksemd. Derfor er det gunstig at mest lys blir lagt til fokuspunktet i biletet, og at det heller blir dempa noko ned på bakgrunn og andre element i biletruta.

Kor lyst eit bilete skal vere, er vanskeleg å seie sidan det vil variere frå motiv til motiv. Her må du trene deg opp og bruke auga dine. Mange biletbehandlingsprogram lèt deg måle lyset i biletet ditt, og ein grei peikepinn kan vere at den lysaste delen av fokuspunktet ligg på ein verdi mellom 210 og 230 i raud kanal.

I eksempelbiletet vårt kan du sjå at kinna til modellen ligg på ein verdi på 229 i raud kanal, mens vi godtek at spesielt sola og overlyset i bakgrunnen er lysare. Legg merke til korleis linjene i lyset og fjellet bidreg til å leie auga mot modellen.

Justeringsverktøy

Mens Camera Raw har mange ulike glidebrytarar for å korrigere dei forskjellige lysområda (høglys, skugge osv.), har Photoshop Express Editor kun éin glidebrytar som lèt deg gjere heile biletet mørkare eller lysare.

Skjermdump av forskjellige bildebehandlingsprogrammer hvor verktøy for lysjustering vises.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Photoshop har mange forskjellige verktøy for å justere lys i bilete. Du finn dei heilt øvst under menyvalet «Image» og «Adjustments», eller som «Adjustments Layers» i lagpaletten. Verktøya rangerer frå veldig enkle til meir avanserte.

«Curves» er eit av dei meir avanserte verktøya som gir deg moglegheita til å korrigere lyset i dei ulike lysområda til biletet ved å setje punkt og korrigere dei på ei gammakurve. Verktøyet inneheld også eit histogram som viser fordelinga av dei mørke og lyse pikslane til biletet.

Ingen fasit

Når du jobbar med lysjusteringar, finst det ingen fasit. Det er ei treningssak å trene opp auget til å bli ein flink etterbehandlar, men eit tips er altså at du tek utgangspunkt i at fokuspunktet til biletet bør liggje på ein verdi mellom 210 og 230 i raud kanal. Då kan du vere sikker på at biletet ikkje er for mørkt eller for lyst. Dei forskjellige fargeverdiane for raud, grøn og blå (RGB) blir blant anna vist i «Info»-paletten i Photoshop.

Som du kan sjå i eksempelbiletet, finn du ei visning av RGB-verdiane rett under histogrammet i Camera Raw, mens Photoshop viser dei i «Info»-paletten som du eventuelt finn i Windows-menyen i Photoshop.

Kva hugsar du frå Vg1?

Repeter gjerne det du lærte om lysjustering i Vg1: NDLA: Justere lys og fargar

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2022

Læringsressursar

Biletredigering