Hopp til innhald

Fagstoff

Tilskjering av bilete

Tilskjering vil seie at du klipper bort noko av innhaldet i biletruta. I praksis korrigerer du då biletutsnittet. Ei slik justering kan ha svært mykje å seie for det ferdige resultatet.

Dra glidaren mellom eksempelbileta for å sjå forskjellen på tredelsregelen (blå linjer) og det gylne snitt (raude linjer).

Biletutsnittet bestemmer kvar fokuspunktet til biletet skal plasserast i biletruta. Fokuspunktet til biletet er den skarpe delen av motivet som blir framheva og får mest merksemd i biletet. Det finst nokre grunnleggjande reglar for komposisjon som det er viktig å følgje.

Tredelsregelen og det gylne snitt

Tredelsregelen og det gylne snitt er to prinsipp for god og harmonisk biletkomposisjon. Tredelsregelen går i korte trekk ut på å dele biletflata inn i ni like ruter. Storleiksforholdet mellom linjene blir då 2 x 3. Det gylne snitt har same inndeling, men med eit litt annleis storleiksforhold. Her vil den minste delen rette seg etter den største som denne rettar seg etter den totale lengda. Då blir storleiksforholdet her meir i retning 3 x 5.

Du skal uansett plassere fokuspunktet ditt i eit av dei punkta der linjene kryssar kvarandre, heller enn i midten av biletet. Horisontar kan du leggje langs linjene. Det er vanleg at tilskjeringsverktøyet har hjelpelinjer for tredeling.

Luft i rørsleretninga

Har du eit motiv med leielinjer, må du vere merksam på korleis fokuspunktet blir plassert. Leielinjene skaper rørsle i eit bilete, slik at publikum sine auge blir leia mot høgre eller venstre. Eksempel på slike leielinjer kan vere ei peikande hand, ein bil i fart, ein horisont eller linjer av lys slik eksempelbiletet vårt viser. Har ein eit ansikt i motivet, vil ein gjerne plassere fokuspunktet slik at modellen får luft i blikkretninga. Då oppnår fotografen at publikum også får eit innblikk i kva modellen «ser etter».

Person i profil med lang nase der ordet news er skrive. Manipulert foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tilskjeringsverktøyet

Tilskjeringsverktøyet (eng. «Crop Tool») finn du sentralt plassert i verktøymenyen i både Photoshop og Photoshop Express Editor. Tilskjeringsverktøyet fungerer stort sett likt frå program til program. Du merkar rett og slett det området i biletet du vil behalde. Deretter korrigerer du det valte utsnittet ved hjelp av boksane i kvart hjørne, og dobbeltklikkar når du er nøgd. Du kan skjere til biletet ditt fritt, eller du kan bestemme ein bestemt storleik eller eit bestemt storleikstilhøve (ratio) på førehand.

Fotograferer du i raw-format, må du opne biletfila i eit hjelpeprogram som «framkallar» raw-filer. Det finst mange forskjellige slike «framkallar»-program som inneheld grunnleggjande verktøy for enkel biletbehandling. Adobe si programvare for raw-filer blir kalla Camera Raw. Her finn du skjeringsverktøyet som eige ikon heilt øvst i menyen.

Skjermdump av forskjellige programmer for etterbehandling av bilder. Foto.

Kva hugsar du frå Vg1?

Før du går vidare, kan du gjerne repetere det du lærte i Vg1 om:

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2022

Læringsressursar

Biletredigering