Fagstoff

Reglar Ultimate

Publisert: 16.03.2010, Oppdatert: 03.03.2017

bilde av to spelare i målsone. Foto.Frisbee, regler 3
Opphavsmann: San Diego Shooter`s
  

bilde av to spelare i fysisk klammeri. Foto.Frisbee regler 2
Opphavsmann: San Diego Shooter`s
  

Bilde av to utøvare som feirer seier. Foto.Frisbee seier
Opphavsmann: San Diego Shooter`s
  

 Reglar

  1. Frisbee-banen er rektangulær og har målsoner i kvar ende.
  2. Før spelet begynner, stiller laga seg opp langs kvar si mållinje. Spelet startar når ein forsvarar kastar disken til angriparane.
  3. Kvar gong angriparane klarer å sentre disken til ein medspelar som står i motstandarens målsone, får angriparane mål. Etter kvar scoring overtek det laget som fekk poeng, som forsvararar, og startar spelet igjen som i punkt 2.
  4. Spelarane har ikkje lov til å springe med disken. Disken kan kastast i kva retning som helst. Kastaren har 10 sekund på seg til å kaste, og den forsvararen som er nærmast («markøren»), tel høgt til ti («stall-count»).
  5. Dersom ein pasning ikkje er komplett (disken kan for eksempel hamne utanfor banen, gå i bakken, bli blokkert eller bli snappa opp av ein motstandar), eller dersom kastaren ikkje har kasta innan ti sekund, går spelet over til motparten.
  6. Spelarbyte kan gjerast etter ei scoring eller under ein time-out på grunn av skade.Det er ikkje tillate med fysisk kontakt mellom spelarane.
  7. Det er heller ikkje lov å stille seg i ein posisjon som hemmar rørslene til ein motspelar.
  8. Dersom ein spelar kjem borti ein motspelar, oppstår ein «feil», og spelet skal stoppast. Laget mistar likevel ikkje disken på grunn av denne feilen. Spelarane finn plasseringane sine, og spelet startar opp igjen.
  9. Spelarane har sjølve ansvar for å dømme feil og mål. Skulle det oppstå usemje, skal den spelaren som hadde best oversikt over situasjonen, ha det avgjerande ordet.

Ultimate legg stor vekt på god sportsånd og fair play. Spelarane blir oppfordra til å konkurrere så intenst som mogleg, men aldri slik at det går utover respekten for kvarandre. Det blir lagt vekt på at reglane skal følgjast, og at kampen skal vere prega av speleglede.