Hopp til innhald

Fagstoff

Fasar i biletproduksjon

Når ein fotograf gjennomfører ein produksjon, består produksjonsprosessen av fire fasar: idéfasen, opptaksfasen, etterbehandlingsfasen og utkøyringsfasen.
Etterbehandling fra opptak til ferdig produkt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksempel på spørsmål som du kan stille deg i dei fire fasane i produksjonsprosessen, er:

  1. Idéfasen: Kva for moglegheiter har eg?
  2. Opptaksfasen: Korleis kan/skal eg bruke utstyret mitt?
  3. Etterbehandlingsfasen: Korleis kan eg betre opptaka?
  4. Publiseringsfasen: Korleis skal det ferdige resultatet leverast?


iør arbeidet i det heile teke startar opp, vil alle fotografar ha med seg ein minnebank med inspirasjon og røynsler frå opplæring, og frå bilete han eller ho har sett i bøker, blad og på internett. Slik kunnskap og røynsle er den basiskompetansen du treng for å bli ein flink og kreativ fotograf.

På Internett finn du mengder med rettleiingsressursar, både i video- og tekstformat. Her får du demonstrert alle tenkjelege effektar du kan bruke i bileta dine, og alt er berre eit tastetrykk unna. Dette høyrest jo flott ut, men i praksis er det ikkje så enkelt. Når alt er tilgjengeleg, blir problemet ofte å vite kva du skal leite etter. Her vil interesserte fotografar ha eit fortrinn. Dei har sett og testa meir og veit dermed i større grad kva som er mogleg å få til under både opptak og etterbehandling.

Til ettertanke

Visste du at oppfatninga vår av korleis eit bilete skal sjå ut når det er etterbehandla, er kulturbestemd? Sjå: Biletbehandling av same modell i 18 land (petapixel.com)

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 24.05.2017

Læringsressursar

Biletredigering