Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Statsråd for ein dag

På grunn av stadig aukande arbeidsløyse har den sitjande statsråden gått av, og du er kommen inn som ny statsråd med tittelen arbeidsminister. På møteinnkallinga til første ordinære statsråd skal du leggje fram ei tiltakspakke for å få bukt med den stadig aukande arbeidsløysa.
Regjeringen Solberg ved kongens bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Bruk fagstoffet som du finn på NDLA sine sider. Finn også ut kva for verkemiddel dei ulike politiske partia har for å få fleire i arbeid. Di oppgåve er å overtyde resten av regjeringa (klassen din) om kva for tiltak som skal til for å redusere arbeidsløysa. Sidan du er fersk i politikken, er det viktig at du gir resten av regjeringa fleire alternativ. Presenter derfor fem tiltak som du vil setje i verk snarast for å auke sysselsetjinga og få fleire ut i arbeid.

Lag ein presentasjon der du presenterer fem forslag, og diskuter i klassen kva for tre tiltak som skal presenterast for Stortinget.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2017

Læringsressursar

Arbeid