Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Exit Through the Gift Shop

Exit Through the Gift Shoper ein dokumentarfilm frå street art-miljøet. Filmen er laga av grafittikunstnaren Banksy.

Om filmen

Filmen handlar om Thierry Guetta, ein fransk immigrant i Los Angeles som er fullstendig oppslukt av å filme alt han kjem over. Via søskenbarnet, som har kunstnarnamnet "Invader", får Thierry tilgang til å filme street art-miljøet og nokre av dei mest kjende gatekunstnarane i verda – blant dei Banksy.

Det han ikkje veit, er at Banksy snur kameraet tilbake mot han sjølv og lagar ein dokumentar om han. Det er denne filmen du kan sjå her. Den følgjer Thierry Guetta og arbeidsmetodane hans, samtidig som du får bli kjend med eit internasjonalt street art-miljø og får eit innblikk i dei ulike stilane og arbeidsmetodane deira.

Kven er Banksy?

Banksy er ein gatekunstnar som er kjend over heile verda. Han brukar sjablongar og spraymaling i arbeidet sitt. Namnet Banksy er eit kunstnarnamn. Den eigentlege identiteten til den samfunnskritiske grafittikunstnaren er ikkje offentleg kjend.


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Filmanalyse