Hopp til innhald

Fagstoff

Retten til privatliv og personvern

Retten til privatliv og personvern er like viktig som ytringsfridomen. Og akkurat som med ytringsfridomen finn vi retten til personvern og privatliv både i Grunnloven og i Den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Personvernet sikrar oss retten til å tenkje og diskutere fritt utan å bli overvaka og kontrollerte. Og det sikrar at personlege opplysningar ikkje "kan bli trekte fram og gjorde til allmenn merksemd". Les meir om det på Datatilsynets side "Hva er personvern?".

Ditt personvern

Tenk berre om vi ikkje hadde eit slikt vern. Då kunne kven som helst ha sett opp kamera i garderoben, filma det som gjekk føre seg, og lagt det ut på Internett, utan fare for å bli straffa for det. Og om nokon fekk tak i nakenbilete av deg, kunne dei spreie bileta i sosiale medium, trykkje dei opp på plakatar og hengje dei overalt på skulen. Ein kunne spreidd hat og rasisme, og ein kunne unnskylda alt med: "Ja, men eg har jo ytringsfridom!"

Slik er det heldigvis ikkje!

Tenk etter!

  • Deler du mykje eller lite informasjon om deg sjølv?
  • Kvar går grensa di for kva andre kan dele om deg?
  • Kvar går grensa di for kva du sjølv deler om deg sjølv?
  • Kvar går grensa di for kva du deler om andre?
  • Hugsar du å spørje andre om lov?

Personvern, allmennheita si interesse og pressefridom

NRK filma to fulle jenter i ein hotellobby og tok med klippa i eit program som heitte Fylla. I dette tilfellet kan retten til personvern brukast som argument for at NRK ikkje burde vist klippet.

På den andre sida kan det vere i allmennta si interesse å vite mest mogleg om ungdom og rus. Journalistikk som viser kva som faktisk skjer i seine kveldstimar, kan derfor grunngis i prinsippa om pressa sin fridom til å rette merksemda mot alvorlege samfunnsproblem.

Slike dilemma, der journalisten må vege mellom omsynet til ytrings- og pressefridom og omsynet til personvern og privatliv, er typisk for saker der folk har gått til søksmål mot pressa.

CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2017

Læringsressursar

Personvern