Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Design ein logo

Du har fått (eit litt usannsynleg) oppdrag som går ut på å lage ein logo for eit nytt band. Bandet veit ikkje heilt kva slags musikk dei vil spele, så du får bestemme sjanger!
Illustrasjoner av hester. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I bandet er dei også veldig usikre på kva dei skal kalle seg, men dei stolar på at du finn ut av det. Kriteria deira er at namnet skal vere forståeleg på engelsk og vere sett saman av eit adjektiv og nemninga for eit dyr. Dei har tenkt på Crazy Lizard, Smoky Badger og Scared Dingo, men er ikkje heilt nøgde.

Sjå denne filmen og bli inspirert: Aaron Draplin designar ein logo (engelsk tale)

  1. Bestem kva slags musikksjanger du jobbar mot.
  2. Bestem namn på bandet.
  3. Lag logoen:
  • Finn bilete av dyret frå bandnamnet. Studer kva for særtrekk det har.
  • Lag minst ti ulike abstraheringar og stiliseringar av dyret. Du treng kanskje ikkje bruke heile dyret for at det skal kunne kjennast att? Sjå gjerne korleis band innan same musikksjanger profilerer seg.
  • Vel ei av skissene som du bruker som utgangspunkt for å lage eit ikon til logoen din.
  • Lag minst ti ulike versjonar av ikonet i eit program som lagar vektorgrafikk. Varier linjetjukkleik, fargar og kor mange detaljar du bruker. Sjå kor mykje du kan ta vekk før ikonet blir abstrakt.
  • Vel den versjonen du meiner passar best til ein band-logo i sjangeren til bandet ditt.
  • Finn ein font som passar med uttrykket til ikonet ditt. Sjå på linjetjukkleik og form for å finne ein font som passar.
  • Plasser teksten og ikon saman slik at det blir ein god band-logo.
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2022

Læringsressursar

Visuell kommunikasjon