Hopp til innhald

Fagstoff

Fargesirkelen og fargeval

Fargar kan brukast til å framheve det viktigaste, gruppere, skilje element eller gjere informasjon lettare å hugse. Fargeval er viktige for det visuelle uttrykket, og det kan vere vanskeleg å velje fargar som passar til bodskap og målgruppe – og ikkje minst å finne fargar som fungerer godt saman.
Fargesirkelen med tilnærmingar for fargekontrastar. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Med utgangspunkt i fargesirkelen kan du lære deg nokre teknikkar for å finne fargar som skaper dempa og harmoniske uttrykk eller gir ein meir kontrastfylt og livleg stil.

Fargeharmoniar

Typisk gir einskapleg fargebruk dempa og harmoniske uttrykk. Det kan du få til ved å velje ein monokromatisk eller analog fargepalett.

Monokrom betyr at du vel berre éin farge frå fargesirkelen og varierer ved å legge til eller blande med svart, kvitt og grått. Ei analog fargesamansetjing består av fargar som harmonerer fordi dei ligg nær kvarandre i fargesirkelen og liknar kvarandre.

Til venstre eit bilete av mange ansikt i blåtonar. Til høgre eit bilete av eit landskap med sol, himmel og fjell i tonar av gult, oransje og raudt. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fargekontrastar

Viss du ønsker meir livlege uttrykk, kan det vere ein idé å velje kontrastfargar heller enn harmoniar. Du kan bruke fargesirkelen til å finne kontrastfargar.

Komplementærkontrast

Til venstre eit raudt rektangel med ei grøn pil, i midten eit lilla rektangel med ei gul pil, til høgre eit blått rektangel med ei oransje pil. Illustrasjon.

Komplementærkontrast blir rekna som den sterkaste kontrasten. Det får du ved å bruke to fargar som står rett overfor kvarandre i fargesirkelen. Reine komplementærfargar har eit sterkt spenningsforhold og kan bli ubehagelege å sjå på viss dei blir lagde oppå kvarandre.

For å få litt meir variasjon kan du bruke delt komplementærkontrast ved å velje dei to fargane som står på kvar side av komplementærfargen i fargesirkelen.

Triadar

Ein likesida trekant er teikna inn i ein fargesirkel slik at hjørna treffer fargane blå, gul og rosa. Illustrasjon.

Ein annan kontrast som gir liv til komposisjonen, er triaden. Han består av tre fargar som står like langt frå kvarandre i fargesirkelen og dannar eit triangel. Til liks med komplementærkontrasten kan triadar bli ganske kraftige. Ein triade blir også kalla treklang.

Firklang

Ein firklang kan vere fire fargar som ligg like langt frå kvarandre i fargesirkelen, eller fire fargar som er plasserte som eit rektangel. Firklangar gir harmoni og styrke, men ikkje same styrke som ein triade.

Mindre metting dempar kontrastane

For å dempe komplementærkontrasten eller triaden kan du blande den eine eller alle fargane med svart, kvitt og grått. Då får du mindre metta fargar og kan lage harmoniske uttrykk sjølv om grunnfargane i utgangspunktet er veldig intense saman.

Til venstre eit bilete av to rosa blomstrar med gule stenglar mot turkis bakgrunn, til høgre det same motivet i meir dempa fargetonar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I illustrasjonen over er dei same grunnfargane frå fargesirkelen brukt i begge bileta, men på biletet til høgre er fargane meir dempa fordi dei er blanda med gråtonar.

Inspirasjon til fargeval

Fargeval handlar ikkje om å følge absolutte reglar, men om å finne noko som fungerer. Det finst mange ulike nettstader som hjelper deg med å finne inspirasjon til fargeval. Døme på slike nettstader er Adobe Color og Coolors.

Der kan du bruke fargeveljaren til å finne analoge og monokromatiske harmoniar eller stille fargeveljaren inn på å finne kontrastar som komplementærkontrast, delt komplementær, triade eller firklang.

Fem rektangel i ulike blå og turkise fargetonar. Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ikkje minst gir slike nettstader deg høve til å utforske og sjå kva fargekombinasjonar som er populære akkurat no, eller søke på tema og sjå kva fargar andre har foreslått og brukt til den typen jobb.

Ei rekke fargeforslag frå Adobe Color. Skjermdump.

Fargar som passar til bileta dine

Coolors og Adobe Color er gode hjelparar viss du vil finne fargar som passar til bileta dine. Dei hjelper deg med å trekke ut dei mest dominerande fargane frå biletet og genererer ein fargepalett. Det kan vere nyttig viss du treng farge til ei overskrift eller ein tekstboks eller til illustrasjonar i designet ditt. Vel Image picker under Tools hos Coolors, eller Trekk ut tema frå menyen til Adobe Color, så får du gode forslag.

Den same moglegheita har du også i Adobe InDesign viss du bruker Fargetema-verktøyet:

Arbeidsvindauge i programmet InDesign. På verktøylinja til venstre er Fargetema-verktøyet markert med ein raud sirkel. Skjermdump.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 02.05.2017

Læringsressursar

Fargar