Hopp til innhald

Kortfilm

Consoul

Gjennom 8-bits videospel-grafikk fortel Lasse Gjertsens kortfilm Consoul ein mann si livshistorie. Filmen er akkompagnert av tidsriktig videospel-musikk, komponert av filmskaparen.

Livet som eit videospel

Kva om livet var som eit videospel?

I denne animasjonsfilmen på 12 minutt følgjer vi ein mann gjennom livet, frå vogge til grav. Han blir fødd, veks opp, får barn, giftar seg og døyr til slutt som ein gammal mann.

Så byrjar det heile på nytt. Mannen har eitt liv att. I neste liv tek han andre val enn i det første, og det får etter kvart store konsekvensar.

8-bits videospel-grafikk

Filmskapar Lasse Gjertsen er tydeleg inspirert av eldre videospel, slike som typisk blei spela på spelkonsollar som Nintendo og Sega på 80- og 90-talet.

Filmen er animert ved hjelp av 8-bits videospel-grafikk. Musikken i filmen er komponert av Gjertsen sjølv, og framstår som eit tidsriktig lydspor til grafikken.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Identitet