Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Oppgåver til filmen Upperdog

Spelefilmen Upperdog (2007), regissert av Sara Johnsen, formidlar noko allmennmenneskeleg om grunnleggjande tema i livet.

Oppgåver til filmen

  1. Tidleg i filmen får vi eit frampeik om eit samband mellom Axel og Yanne. Kva er dette frampeiket?
  2. Vi får også tidleg etablert eit noko mindre nært samband mellom Per og Axel sin familie. Kva er dette sambandet?
  3. Korleis finn Axel ut at kjærasten hans er utru? Diskuter med ein annan kva du synest om metoden han bruker.
  4. Beskriv Maria sitt første møte med Axel. Kva tenkjer du scenen seier om Axel? Og om Maria?
  5. Gi ein karakteristikk av Axel. Kva får du vite om årsakene til at han oppfører seg som han gjer? Korleis endrar han seg i filmen?
  6. Kva skjedde eigentleg i Afghanistan? Kva for to versjonar blir vi introduserte for i filmen? Og kva gjer Per for å ta hemn? Seier denne historia oss noko om korleis pressa kan skape alternative nyheiter eller «fake news»?
  7. Også andre situasjonar blir skildra frå to ulike perspektiv i filmen, eller vi blir kjende med dei ulike karakterane slik dei framstår frå ulike perspektiv. Finn eksempel på dette i filmen. Diskuter med ein medelev: Kva gjer det med opplevinga vår av forteljinga at ein situasjon eller ein karakter blir beskriven frå ulike perspektiv?
  8. Maria seier til Per at ho studerer nordmenn sin «behavior». Kva har ho funne ut? Kvifor trur du ho svarar på denne måten?
  9. I ein scene i filmen, når Per er på elgjakt, blir forholdet mellom han og veslebroren sett på prøve. Kva skjer?
  10. Kvifor vart Axel og Yanne skilde åt då dei kom til Noreg?
  11. Lag eit relasjonskart mellom dei fire karakterane i filmen. Korleis møttest dei fire skikkelsane i løpet av filmen? Eksempel: Per leiger ei leilegheit av Axel sin familie. Per blir nabo med Yanne og Maria osv. … Lag ei oversikt over dei ulike relasjonane og koplingane som skjer i filmen. Diskuter om det er ein bodskap i dette at liva deira blir kryssa på denne måten.
  12. To sentrale tema i filmen er identitet og tilhøyrsle. Grunngi denne påstanden gjennom å vise til scenar eller relasjonar i filmen.
  13. Kva for andre tema meiner du at filmen tek opp? Grunngi svaret ditt.
CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 21.08.2020

Læringsressursar

Filmanalyse