Hopp til innhald

Kortfilm

Den danske dikteren

Animasjonsfilmen Den danske dikteren (2006), regissert av Torill Kove, er ein varm film som formidlar noko allmennmenneskeleg om dei store temaa i livet: døden, kjærleiken – og kunsten. For livet er kanskje styrt av både store tilfelle, og at det finst ein samanheng i det heile?

Handlinga

Den danske diktaren Kasper Jørgensen reiser til Noreg for å møte det store litterære forbiletet sitt, Sigrid Undset. Han kjem aldri så langt, men søkjer husly på ein gard på vegen. Der forelskar han seg hovudstups i Ingeborg, jenta på garden. Men Ingeborg er lova bort til guten på nabogarden. Kasper håper ho kan la seg inspirere av Kristin Lavransdatter og velje ektemann etter sitt eige hjarte. Men Ingeborg veit korleis det går med Kristin, og vågar ikkje å gå mot løftet ho har gitt faren. Samantreff skal likevel føre dei to saman att, noko som skal få stor betydning for forteljaren i filmen.

Oscar i 2007

Den danske dikteren fekk stor merksemd då han vann Oscar for den beste animerte kortfilmen i 2007. Då Kove gav ut forteljinga i bokform etter at filmen vart gitt ut, fekk ho også gode meldingar for boka. Vanlegvis er det bøker som blir adapterte i filmformat. Kove gjekk den motsette vegen og laga ei bok som var inspirert av teikneseriane sin forteljeteknikk, som ein adaptasjon av filmen.

Om regissøren

Torill Kove (1958–) er ein norsk-kanadisk animasjonsfilmskapar, illustratør og forfattar, som sidan 1980-åra har budd og arbeidd i Canada. I tillegg til Den danske dikteren har ho laga fleire andre anerkjende animasjonsfilmar, mellom anna dei to Oscar-nominerte filmane Min bestemor strøk kongens skjorter (1999) og Moulton og meg (2014). Både i filmane og i barnebøkene skapar ho lett attkjennande skikkelsar og miljø med enkle strekar, delvis inspirerte av teikneserieestetikken.

Relatert innhald

Animasjonsfilm er ulike filmteknikkar der filmskaparen skapar illusjon av rørsle gjennom å manipulere motivet ved hjelp av enkeltbiletteknikk.

CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2020

Læringsressursar

Filmanalyse