Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Treffer du målgruppa i eigne medieproduksjonar?

Finn fram eit medieprodukt du har laga tidlegare dette skuleåret eller i fjor. Vurder korleis du har tenkt på målgrupper i det prosjektet.
Kvinne med spørsmålstegn. Fotokollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Skriv ein tekst på omtrent 300 ord der du skildrar kven som er målgruppe, og korleis medieproduktet treffer.

    Bruk relevante fagomgrep.

  2. Når du no ser det i etterkant, synest du at du kunne ha gjort noko for å treffe målgruppa endå betre?
    Diskuter med ein eller fleire andre i klassen: Korleis vil de gå fram for å treffe målgruppa i neste medieprosjekt?

    Set opp ein plan på minst seks punkt.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2017

Læringsressursar

Kommunikasjonsmodellar og målgrupper