Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diskuter bruken statsrådar gjer av sosiale medium

Sosiale medium har blitt ein stadig viktigare reiskap for politisk kommunikasjon. Styrker eller truar det demokratiet?
Eit par briller ligg framfor eit tastatur, og Twitter-logoen blir reflektert i brilleglasa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Les først Sven Egil Omdal sin mediekommentar Facebook-ministeren frå 2017.

Relatert innhald

I løpet av kort tid har statsskikken vår fått eit nytt fenomen: Regjeringsutøving via dårleg skjulte truslar på Facebook.

I åra som har gått sidan Omdal skreiv mediekommentaren sin, har sosiale medium blitt eit endå viktigare reiskap for politisk kommunikasjon.

  1. Skriv eit innlegg på Twitter eller i eit anna sosialt medium der du seier di meining om bruken statsleiarar og statsrådar gjer av sosiale medium til politisk kommunikasjon. Du kan hente døme frå vårt eige land eller andre delar av verda. Spissformuler innlegget ditt, men ver sakleg.
  2. Be om kommentarar frå dei som følgjer deg. Dersom du ikkje har ein eigen konto, kan du samarbeide med ein annan elev i klassen.
  3. Registrer kommentarane du får på dette innlegget dei første 24 timane. Er kommentarane saklege eller usaklege?
  4. Kor mange støttar synspunkta dine?
  5. Korleis argumenterer dei som er einige med deg?
  6. Kva argument har dei som er ueinige med deg?
  7. Fekk kommentarane deg til å endre meining? Kvifor? Kvifor ikkje?
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2021

Læringsressursar

Ytringsfridom, pressefridom og demokrati