Fagstoff

Klima: Ei framtid du ikkje vil ha

Publisert: 30.03.2017
Kortfilmen «Fuck fossils – en framtid du ikke vil ha» er ein fiksjonsfilm retta mot ungdom, der alt er basert på klimaforsking. Filmen handlar om korleis kvardagen til ein vanleg familie i Noreg vil kunne arte seg i år 2050. I filmen ser vi korleis klimaendringane påverkar livet til familien.


Thomas Hayes, som speler William i TV-serien Skam, har ei av rollene i «Fuck fossils». I filmen møter vi ungdommar som lever i ei verd der den globale oppvarminga har auka med to grader, og vi får sjå kva konsekvensar dette har fått.

Er dette sant, og kven står bak?

Faktagrunnlaget i filmen er henta frå rapporten En framtid du ikke vil ha der Thomas Cottis har samla forskingsresultat om klimaendringar.

Til filmen er det utarbeidd bakgrunnsmateriale med faktafilmar, meir informasjon om filmen og  forklaringar til det filmen handlar om. Filmen og bakgrunnsmaterialet er produsert av Snöball Film i samarbeid med Thomas Cottis.

Forskningsrådet har finansiert Fuck Fossils-prosjektet for å bidra til å spreie innhaldet i rapporten «En framtid du ikke vil ha». Filmen er kvalitetssikra av Steffen Kallbekken i CICERO Senter for klimaforskning. Les meir om bidragsytarar og engasjerte miljøorganisasjonar i pressemeldinga.

 

Oppgåver og aktivitetar

Her er forslag til oppgåver og aktivitetar som tek for seg klima. Kanskje skulen kan organisere ein klimadag eller ei klimaveke der fleire fag blir involverte? Bruk heimesida til skulen, Facebook-sida eller andre digitale kanalar til å publisere det de produserer.

Drøft filmen i klassen  Mor, barn og tenåring ved et bord. Foto.     

Etter at klassen har sett filmen «Fuck fossils», er det behov for å lufte meiningar og drøfte innhaldet i filmen. Her er fleire forslag til debattoppgåver og påstandar som du kan ta stilling til.

Drivne på flukt av klimaet  Jente som skriver på notatblokk. Foto.  

Du jobbar som journalist i Canal +2°. På morgonmøtet i nyheitsredaksjonen får du i oppdrag å lage eit innslag om klimaflyktningar til kveldssendinga.

Ekstremvêrmeldar for ein dag  Flom i New Orleans etter orkanen Katrinas herjinger. Foto. 

Sjå inn i framtida og lag ei vêrmelding frå 2050. Korleis blir vêret i ei framtid der middeltemperaturen har auka med fire grader?

Klimablogg 2050  Flere bloggere. Foto.  

Ta utgangspunkt i rapporten En framtid du ikke vil ha og skriv ein ny og langt meir optimistisk versjon av brevet frå framtida.

Best i test! Tre unge jenter med handlevesker. Foto.  

Du jobbar med å lage forbrukarstoff for ein kjend TV-kanal, avis eller blogg. Lag ein reportasje der du samanliknar fleire produkt frå same varegruppe på bakgrunn av ei rekkje berekraft-kriterium.

Kjøtt eller vegetar – eitt feitt?   To hamburgere, en av kjøtt og en vegetarburger. Foto.       

Finst det vegetarprodukt som liknar så mykje på kjøtt at det er vanskeleg å merke forskjell, eller som smakar slik at kjøttelskarar vil velje vegetarretten?

 

Fagstoff om klimaendringar på NDLA

På sida Klimaendringar har NDLA samla nyttige ressursar og lenkjer til kjelder som er viktige i klimaspørsmål.