Hopp til innhald

Fagstoff

Om netthets: når debatt blir ubehageleg

Debatt i avisene, radio eller i kommentarfelt på Facebook gir oss ei moglegheit til å uttrykkje eigne meiningar og til å få innsikt i meiningane til andre. Ein frisk debatt er i utgangspunktet noko positivt, men hets og hatefulle ytringar kan øydeleggje debattklimaet.
Mann held opp eit ark. Ei kvinne slår neven gjennom arket og treffer mannen i ansiktet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For dei fleste vil det å delta i debatt vere ei fin oppleving, så lenge ein toler sakleg kritikk. Debattarenaene kan òg vere ein ufin stad. Ubehagelege kommentarar treng ikkje verke farlege, men vil like fullt vere ubehagelege.

Kva folk opplever som ubehagelege kommentarar, varierer med kven som blir spurt, og kva vedkomande forstår som hets og hat. Særleg gjeld dette når debatten blir prega av personangrep.

I verste fall kan personar bli utsette for valds- og drapstruslar. Etter norsk lov blir dette rekna for å vere straffbare handlingar. Valds- og drapstruslar kan meldast til politiet og behandlast i rettssystemet.

Hatet på nettet

"Hei! Eg er ein pedofil, kvinneundertrykkjande, lemlestande, homohatande, mentalt tilbakeståande terrorist som burde ha vore valdteken og skoten som den quislingen eg er, for deretter å bli partert opp og kasta til grisen."

Slik meiner Yousef Assidiq ein typisk netthatar ville ha presentert han. I dette foredraget om truslar på nettet fortel han meir om det:

Det er vanskeleg å seie akkurat kor mykje hets og hat som finst. Her er omtalar av nokre undersøkingar som vart gjorde i tidsrommet 2019 til 2021:

Tenk etter

Korleis kan det stemme at kvinner blir ramma hardare av netthets når det er menn som er mest utsette for netthat?

Status for ytringsfridom i Noreg

Institutt for samfunnsforskning har samla forsking om kva som er stillinga for ytringsfridommen i Noreg på nettsida Status for ytringsfriheten i Norge (ytringsfrihet.no). Nedanfor presenterer vi nokre fakta herfrå.

Undersøkingar viser at mengda hets menn og kvinner blir utsette for, er ganske lik. Dersom vi ser på typen ubehagelege ytringar og ikkje mengda, ser vi at menn blir mest kritiserte for meiningane sine, mens mykje av hetsen mot kvinner er retta mot kjønn og utsjånad.

I tillegg har forskarane funne at minoritetsbefolkninga i større grad opplever ubehagelege kommentarar knytte til etnisk bakgrunn, religiøs tilhøyrsel og hudfarge enn det majoritetsbefolkninga gjer.

Bør vi akseptere nedsetjande ytringar?

Tabellen under er henta frå rapporten Status for ytringsfridommen i Noreg. Han viser at kven vi snakkar med, og kva tema vi snakkar om, er viktig for om folk meiner at ein bør tillate støytande ytringar.

Tabellen oppgir svar på spørsmålet: På kva arenaer meiner du ulike typar nedsetjande ytringar bør vere akseptert?

Aksept for ulike typar ytringar på ulike arenaer

Blant næraste

På arbeids-
plassen

I nyheits-media

I kommentar-felta til nett-avisene

I sosiale medium

I kunsten

Ingen av arenaene

Nedsetjande ytringar om religion

45,8

15,9

17,4

16,3

17,1

19,2

46,1

Nedsetjande ytringar om innvandrarar

36,9

11,2

13

10,9

11,4

10,7

55

Nedsetjande ytringar om kristne

40,4

15,7

18,6

15,9

16,5

17,4

52

Nedsetjande ytringar om muslimar

32,2

9,9

10,9

10,3

9,3

9,4

60,6

Nedsetjande ytringar om homofile

22,8

6,7

7,7

7,3

7,7

8,5

70,9

Nedsetjande ytringar om politikarar

55,1

33,5

31,6

25,1

26

22,3

31,3

Legg særleg merke til tala i øvste rekkje. 45,8 prosent meiner altså det er greitt å snakke nedsetjande om religion mellom dei næraste, altså familie og nære vener. I sosiale medium vil folk vere meir forsiktige. Her er det nemleg berre 17,1 prosent som meiner at ein bør tillate slike ytringar. Vi ser òg den same tendensen for mange av dei andre kategoriane.

Nedsetjande ytringar om politikarar skil seg her ut ved at fleire meiner folk bør akseptere denne typen ytringar på fleire ulike arenaer.

Tenk etter

Kvifor er det forskjell på kva vi synest er greitt å seie ved kjøkkenbordet, og kva vi synest er greitt å ytre i sosiale medium?

Kvifor bør politikarar tole meir enn andre?

Mange meiner at dei ulike typane nedsetjande ytringar ikkje bør bli akseptert nokon stad. Dette er først og fremst positivt fordi det viser at nordmenn ikkje synest det er greitt å snakke stygt om andre. Samtidig kan ein tenkje at ein slik type tankegang, det politisk korrekte, kan hindre viktige debattar i å kome ut i offentlegheita.

Politikk, innvandring og religion er viktige samfunnstema i vår tid, men dersom ingen vil snakke om desse temaa i avisene eller i sosiale medium, kan vi risikere at viktige debattar berre går føre seg internt i familiar og mellom nære vener, og at viktige synspunkt då i verste fall kan forsvinne frå offentlegheita.

Sjølvsensur og det politisk korrekte

Forskarane er forsiktige med å seie kva konsekvensar ubehagelege kommentarar får, men det mange fryktar, er at folk skal bli skremde vekk frå debattsidene, både i aviser, TV, radio og på nettet, av frykt for å bli hetsa. Ytringsfridomsrapporten frå 2014 viser at særleg i minoritetsbefolkninga blir hets gitt som grunn til at folk vegrar seg frå å delta i debatt.

Det å ikkje ønskje å delta i debatt kan reknast som ein type sjølvsensur, og dei siste åra har forskarar vore opptekne av kva som gjer at vi legg lokk på våre eigne meiningar. Det er viktig å hugse at det ikkje berre er ubehagelege kommentarar som gjer at vi unngår å uttale oss om visse tema. Frykta for å støyte andre kan òg ha ein sjølvsensurerande effekt og på den måten vere med på å hindre visse tema frå å bli debattert i offentlegheita. Vi ser gjerne uttrykket "politisk korrekt" bli brukt som kritikk av ein slik type sensur.

Politisk korrekt er et uttrykk som i dag brukes, hovedsakelig i nedsettende betydning, om ulike forsøk på å endre uttrykksformer eller sensurere ytringer som enkelte kan oppleve som støtende eller diskriminerende.

Dag Einar Thorsen i Store norske leksikon

Kjelder

Enjolras, B., Rasmussen, T. & Steen-Johnsen, K. (Red.). (2014). Status for ytringsfriheten i Norge. Hovedrapport fra prosjektet. Institutt for samfunnsforskning. http://ytringsfrihet.no/publikasjon/rapport-status-for-ytringsfriheten-i-norge-hovedrapport-fra-prosjektet-2014

Thorsen, D. E. (2021, 10. november). Politisk korrekt. I Store norske leksikon. https://snl.no/politisk_korrekt

CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 28.03.2017

Læringsressursar

Retorisk medborgarskap og debattkultur