Hopp til innhald

Fagstoff

Signaturlyssetjing

Eit motiv kan lyssetjast på ulike måtar. Her kan du lære meir om tre klassiske måtar å lyssetje ein modell på.
Modell fotografert med sommerfugl lyssetting. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rembrandt-lyssetjing

Modell fotografert med Rembrandt-lyssetting. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne lyssetjinga er oppkalla etter den kjende målaren Rembrandt. Det er blitt fortalt at han brukte denne måten å lyssetje på sidan atelieret hans var eit noko fattigsleg lokale med berre små vindauge plasserte høgt oppe på veggen.

Eit kjenneteikn på Rembrandt-lyssetjing er ein opplyst trekant på kinnet til modellen. Her blir det ofte brukt ein softboks som forsats på hovudlyset. Denne blir plassert omtrent som eit 45 graders sidelys. Styr høgda og plasseringa på lampa slik at lyset flyt over naseryggen på modellen. Då dukkar trekanten opp på motsett kinn. Tradisjonelt sett er dette ei mjuk lyssetjing der ein også godt kan bruke eit utfyllingslys for å unngå for harde skuggar.

Sommarfugl-lyssetjing (beauty light)

Modell fotografert med sommarfugl-lyssetjing. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne typen lyssetjing er ofte å sjå på magasinframsider. Du kan bruke forskjellige forsatsar og både mjuk og hard lyssetjing så lenge du rettar hovudlyset direkte mot panna til modellen. Då oppnår du ein sommarfuglliknande skugge under nasen til modellen. Lyssetjinga er relativt flat sidan ho kjem rett framandfrå. Då vil lyset bidra til å viske ut rynker og anna ujamt i modellen sitt ansikt. Også her kan du bruke eit utfyllingslys eller ein reflektorskjerm for å unngå at lyssetjinga blir for hard.

Splitta lyssetjing

Modell lyssett med ei splitta lyssetjing. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei splitta lyssetjing deler ansiktet til modellen i ein lys del og ein mørk del. Lyssetjinga er ikkje ulik Rembrandt-lyssetjinga, men hovudlyset må plasserast lenger ut til sida slik at lyset ikkje kjem over nasen og lysset motsett kinn. Dette er i utgangspunktet ei hard lyssetjing som gir eit hardt uttrykk. Lyssetjinga kan derfor vere fin å bruke i reklame eller i portrett av for eksempel musikarar.

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2017

Læringsressursar

Lyssetjing