Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidsflyt i studio

Når du jobbar med fotografering i studio, må du ha god kontroll på intensiteten og retninga på lyset, og korleis lyset frå ulike lamper og forsatsar verkar inn på sluttproduktet.

Dette er ein VR-video. Bruk VR-briller eller naviger rundt i rommet ved hjelp av piltastane i videobiletet.

Ein effektiv arbeidsflyt i studio består av fire steg:

  1. Vel bakgrunn.
  2. Vel lampe og type forsats.
  3. Mål lyset.
  4. Still inn kamera og fotografer.

Bakgrunn

Kva bakgrunn du vel i studio, avheng sjølvsagt av kor godt utstyrt studioet ditt er. Dei fleste studio bør gi høve til å velje mellom ein svart og ein kvit vegg. Ein kvit vegg er svært nyttig, sidan han kan variere mellom å vere heilt kvit, om du belyser han med ei lampe, eller framstå med forskjellige grader av grå, avhengig av kor langt unna veggen modellen din står.

Kva veggfarge du vel, har mykje å seie for uttrykket til biletet. Ofte gjer ein kvit bakgrunn bileta dine lyse og trivelege, mens ein svart bakgrunn gir biletet eit alvorleg eller til og med dystert preg.

Mål og juster intensiteten på lyset

Når du har sett opp lyset og startar med lysmålinga, dukkar det fort opp eit behov for å kunne justere lyset sterkare eller svakare. Her er tre måtar du enkelt kan gjere det på:

  1. Varier avstanden mellom lys og motiv. Har du to lamper av same styrke, kan du anten flytte utfyllingslyset bakover (for å gjere det svakare enn hovudlyset) eller flytte hovudlyset nærmare.
  2. Varier styrken på lampene. På dei fleste profesjonelle blitslamper kan du regulere lysstyrken på lampehovudet. Merk deg at dette er den beste løysinga fordi ei nedjustering av lysstyrke ikkje endrar karakteren på lyset.
  3. Du kan diffusere utfyllingslyset. Eit diffuserande materiale som du henger fast framfor blitslampa di, vil svekkje eller dempe det. Eit godt tips er å bruke bakepapir sidan det toler varmen frå lampene godt. Pass på at du ikkje diffuserer varme lamper med materiale som kan smelte eller ta fyr!

Still inn kamera og fotografer

Etter at du har målt lyset, stiller du inn kameraet med dei innstillingane for lukkar, blendar og ISO som lysmålaren viser. Merk at i naturleg lys vil både lukkar og blendar påverke om biletet blir lysare eller mørkare, mens i studio er det altså berre blendaren som regulerer dette.

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018

Læringsressursar

Lyssetjing