Hopp til innhald

Fagstoff

Einskapleg design

Einskap gjer at dei visuelle elementa kjennest som dei høyrer heime i ein komposisjon. Gjentaking og konsekvent bruk av fargar, typografi, mønster, linjer, avstandar, storleik og former er verkemiddel vi kan nytte for å få einskaplege uttrykk.
Magasinforsider i et vindu (fransk). Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdraget til ein grafisk designar er å kommunisere ein bodskap. Eit einskapleg design gjer det lettare for mottakaren å få oversikt og oppfatte bodskapen. Einskap er behageleg for auget og skapar ro og samanheng. I eit einskapleg design støttar elementa opp om kvarandre.

Då er det lett å tenkje at komposisjonen blir god dersom alt er mest mogleg likt, men for mykje einskap kan verke negativt når du skal formidle ein bodskap. Einskap er nemleg det motsette av variasjon. Det vil seie at for mykje gjentaking og repetisjon kan gjere uttrykket einsformig og keisamt.

Kontrast i ein komposisjon gir variasjon og liv. Det er derfor viktig å finne balansegangen mellom einskap og kontrast. Einskap tyer altså ikkje at alt skal vere likt, men at ein er konsekvent. Nøkkelen til god einskap er å bestemme nokre reglar for kva som skal vere tillate i komposisjonen.

Kva bidreg til einskap?

Du har lært at repetisjon gir einskap, men kva kan repeterast? Det er ofte ein god idé å velje nokre få fargar og halde seg til desse. Om du har brukt eit bilete, kan du kanskje bruke ein eller fleire fargar frå biletet att i grafikk, tekst, bakgrunnsfarge eller andre delar av komposisjonen? Då vil elementa kjennest som dei høyrer meir heime saman med dei andre.

Konsekvent bruk av fontar er også naudsynt for å skape einskap. Det er ein god regel å forsøkje å halde seg til få fontfamiliar og repetere desse. Ofte kan det vere greitt å bruke to eller maks tre ulike fontar med god kontrast, men ei nyttig øving i einskap kan vere å sjå kor langt du kjem med moglegheitene innanfor éin skriftfamilie. Same type tekst bør ha same skriftsnitt, for eksempel ved at all brødtekst er lik gjennom heile medieproduktet.

Sammenligning av typografi. Grafisk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innimellom kan det vere freistande å bruke kreative former på bilet- eller tekstboksar. Det kan vere heilt greitt, men pass på at du ikkje bryt så mykje med resten av innhaldet at samanhengen forsvinn. Tenk deg at alt anna er basert på firkantar, men at du har lyst til å setje inn eit sirkelforma bilete. Då er det kanskje lurt å repetere sirkelforma fleire stader?

Tenk også over om storleiken på elementa har ein samanheng. Kanskje du treng nokre reglar som styrer storleikar. Og kva med avstandar?

I grafisk design blir også linjer brukte – for eksempel som skilje mellom ulike delar av komposisjonen eller til innramming. Det er ingenting i vegen for å bruke linjer, men lag reglar for dei!

  • Kor tjukke skal dei vere?
  • Kva farge skal dei ha, og i kva tilfelle skal dei brukast?
  • Tenk over kva slag fontar du har brukt.
  • Kan linjetjukkleik og stil tilpassast dei typografiske vala dine?

Rytme

Klær til tørk i en blokkbygning. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rekkjefølgja og forholdet mellom element som gjentek seg, dannar ein rytme. Rytme i denne samanhengen er tempoet til blikket som ser på komposisjonen. Nokre gonger stoppar vi opp for å sjå skikkeleg, mens andre gonger glir fokuset raskt vidare. Framheving og variasjon engasjerer oss, gjer oss interesserte og sender blikket frå ein stad til ein annan i komposisjonen. Med for mange kontrastar kan rytmen bli såpass ukontrollert at mottakaren blir forvirra eller mistar konsentrasjonen.

Einskap bidreg til at blikket får bestemte haldepunkt og lettare gjer seg kjent. På den andre sida ønskjer vi heller ikkje at rytmen skal framstå som taktfast og føreseieleg. Det blir fort keisamt.

Hugs!

«Om alt er framheva er ingenting framheva.»

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2021

Læringsressursar

Komposisjon