Hopp til innhald

Fagstoff

Organisering av grafiske element

Det er ofte ein god idé å organisere element langs rette linjer og med faste avstandar. Hald deg til dei vala du har teke om font- og fargebruk, avstandar, retningar og linjer. Nøyaktigheit er stikkordet for å halde orden i komposisjonen.
Handhelsing med ordsky. Grafisk
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fargar og avsnitt

For å finne att og bruke nøyaktig dei same fargane bør du notere fargekodane eller lagre dei i ein palett i programvara du nyttar. Då slepp du å leite og lure på kva fargar du eigentleg hadde valt.

Mange tekstbehandlingsprogram gir deg høve til å lage avsnittsstilar. Det gjer at du kan lage malar for korleis dei ulike delane av teksten skal sjå ut. Når du har laga ein avsnittsstil, slepp du å hugse kva font du har brukt, i kva storleik og på kva linjeavstand. Avsnittsstilen hugsar det for deg og sikrar at typografien blir einskapleg.

Rutenett versus augemål

Rutenett (grid) og hjelpelinjer kan med fordel nyttast for å sikre konsekvent plassering av element. Det skapar orden og ro. Ha kontroll på storleikar. Om du skal setje noko på skrå, bør du bruke faste vinklar.

Om du bruker augemål i staden for nøyaktige mål, kan komposisjonen fort få ein litt klønete utsjånad. Det blir veldig synleg om du har prøvd å treffe, men har bomma akkurat. Bruk derfor god kontrast eller ingen kontrast, ikkje midt imellom.

Likskap, nærleik, heilskap og kontinuitet

Hjernen vår søkjer likskap, nærleik, heilskap og kontinuitet for å gruppere og organisere det vi ser. Med andre ord skaper vi system og ser element som samanhengjande, sjølv om dei strengt teke står kvar for seg. Denne kunnskapen om korleis hjernen oppfattar det vi ser, bruker vi for å skape einskap i grafisk komposisjon.

Likskapslova seier at det som liknar kvarandre, bli oppfatta som samanhengjande eller av same sort. Det vil seie at vi kan bruke fargar, former, styrkeforhold og storleikar for å kople element eller skilje dei frå kvarandre. Nærleikslova seier at avstanden mellom objekt kan få oss til å oppfatte om dei er grupperte eller ikkje.

Grupper og linjer. Grafisk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kontinuitet tyder framhald, og kontinuitetsprinsippet seier at hjernen lagar eit framhald av eit mønster sjølv etter at det stoppar. Heilskap vil seie at vi ser kontinuerlege former, og at hjernen fyller inn det som manglar, for å lukke opne former.

Trekant som eigentleg ikkje er ein trekant. Grafisk.

Gestaltpsykologi – tanken om heilskap

Desse tankane om at heilskap har stor innverknad på korleis menneske oppfattar omgivnadene, blir kalla gestaltpsykologi. Det er ei retning innan psykologien som seier at vi ikkje ser einskildelement kvar for seg, men meir som organiserte heilskapar med eiga form og struktur. Tyskaren Max Wertheimer (1880–1943) grunnla gestaltpsykologien i 1912. Desse tankane har sidan den gongen spelt ei viktig rolle i utviklinga av grafisk design.

Du kan utnytte prinsippa frå gestaltpsykologien i eigne arbeid. Ved å bruke likskapslova og setje all brødtekst med nøyaktig den same fonten viser du at det er same type tekst. Nærleikslova gjer at vi bør setje element som høyrer saman, nærmare kvarandre enn det som ikkje høyrer saman. Det bør for eksempel vere mindre avstand mellom ein bilettekst og biletet han høyrer til, enn mellom brødtekst og bilete.

Prinsippa for kontinuitet og heilskap gjer at vi ikkje alltid treng å ramme inn det som høyrer saman, då element som til saman utgjer geometriske former eller har tydelege retningar, uansett blir oppfatta som ein heilskap.

Heilskapstanken og gestaltpsykologien blir ikkje berre brukte som verkemiddel for einskap i grafisk design. Filmklipparar ønskjer gjerne harmoniske og nærmast usynlege overgangar. Det kan ein få til ved at det neste biletet liknar det førre i fargar, lys, kontrast, tempo og rørsleretning. Godt hjelpt av at vi som menneske søkjer kontinuitet og samanheng, kan vi få ein sømlaus film der vi nyt innhaldet og ikkje tenkjer over at scener, vinklar og utsnitt skiftar.

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2017

Læringsressursar

Komposisjon