Hopp til innhald

Fagstoff

Blikket og komposisjonen

Eit tydeleg informasjonshierarki sikrar at auga til lesaren blir trekte mot dei viktigaste delane av komposisjonen i rett rekkjefølgje. Brukarane legg først merke til bilete, titlar og uthevingar i designet.
Sliten plakatvegg. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I den vestlege verda les vi frå venstre mot høgre, ovanfrå og ned. Det gjer at det er naturleg for oss å byrje å leite i toppen av formatet etter informasjon. Det har blitt sagt at det til og med er rørsle på ei heilt tom flate, sidan auget vil byrje å søkje etter informasjon – sjølv om det ikkje er noko å finne.

Forskarar har funne ut at vi bruker eit par sekund på å skaffe oss oversikt over ei A4-side. På den tida bestemmer vi oss for om vi er interesserte og vil sjå nærare på innhaldet, eller om vi forkastar det og flytter blikket til noko anna.

Informasjonshierarki

I det første møtet med eit medieuttrykk skannar auget komposisjonen og gjer små stopp ved det som skil seg ut. Desse små augneblinka der vi fokuserer og tek til oss informasjonen, blir kalla fiksasjonar. Vi fikserer blikket mellom 5 og 13 gonger på dei to sekunda vi bruker på å godkjenne eller forkaste innhaldet.

Det speler ei stor rolle kor godt du som designar klarer å leie blikket til mottakaren over komposisjonen. Korleis designelement er organisert og framheva frå mest til minst viktig, blir kalla eit informasjonshierarki. Eit tydeleg hierarki sikrar at auga til lesaren blir trekte mot dei viktigaste delane av komposisjonen i rett rekkjefølgje.

Framheving

Blikket stoppar lettare ved elementa som er framheva frå dei andre. For å framheve kan du for eksempel:

  • ta omsyn til leseretninga og plassere viktige element øvst der auget byrjar å leite
  • bruke kontrastar for å styrkje det som er mest viktig
  • ha godt med luft rundt det som skal i fokus

Sjå på layoutskissa til venstre. Er du einig i at blikket ditt flytte seg slik som pilene til høgre viser?

Generelt er det første vi legg merke til, bilete. Det andre er overskrifter, og det tredje uthevingar i brødteksten.

Kva slags bilete vi vel, er også med på å bestemme om vi klarer å fange interessa til mottakeren:

  • Store fargebilete får meir merksemd enn mindre bilete i gråtonar.
  • Varme fargetonar får meir merksemd enn kalde.
  • Biletserier trekkjer auget meir til seg enn einskildbilete.
  • Menneske og andlet kjem meir i fokus enn produkt og landskap.
  • Portrettbilete (ansikt) får meir merksemd enn heilfigurbilete.

Som designar må du alltid vurdere kva rørsleretning og rekkjefølgje som er best for formidlinga av bodskapen. Bruk det du no har lært, til å fordele fokusområda i komposisjonen din på ein gjennomtenkt måte. Kva kan du for eksempel gjere om du vil at overskrifta skal oppfattast før bileta?

Tenk over:

  • I kva rekkjefølgje ser du elementa på dette bokomslaget?
  • Kvifor trur du namnet til forfattaren er større enn tittelen på boka?
Person holder boka About a boy av Nick Hornby. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2017

Læringsressursar

Komposisjon